Helgar er gode til å bruke å sove. Det har eg vertfall fått gjort nok denne helga : ) Søv ikkje spesielt godt her på kjøkkenet, så skal bli godt å flytte inn på soverommet igjen om ikkje lenge.
No er kjøkkenet enda meir kompakt pakka enn før, i måra må spisestua og inn her. Men då er her fullt. HEILT fullt.
I måra skal dei rette opp golvet, der det før var veranda, og så blir det vel eit forsøk på å få ut ovnen. Den er kobla til oljefyr, så det må vel rett person på plass for å koble den av.
Spaltegolvet er under produksjon, så det kjem på plass i løpet av veka. Så litt stillstand blir det nok denne veka. Jaja....slepp kanskje stå opp så himla tidlig kvar dag då :D :D
Får bruke tida på å planlegge IKEA turen min om eit par helgar....ikkje reint lite eg har lyst på. Huskelista er lang....og kronene må skrapast saman :)
Litt av alt eg ser for meg.....
![]() |
| Sofa frå Bohus, Friday Diva. På kampanje no, så ikkje ei alt for dyr sak :) |
| Fillsta gulvlampe, eg har samme som kjøkkenlampe, har lyst å ha denne i stova... |
| Denne blei presentert for meg i dag. Kjempefin med LUDDE sauefell og litt puter. Allerede prøvesittet av mi svigerinne Kjerstin ;)
Kan ikkje legge ut bilde av alt eg har lyst på. Kommodar, hyller, korger, speglar, baderomsinnredning, klokke, puter, tepper.... Må nok eliminere vekk litt... :)
På kjøkkenet har eg tenkt å lage meg ein benk i det nye hjørnet mitt. Må få kjøpt inn material slik at snikkarane kan kutte det opp i rette lengder til meg. Så skal eg nok få skrudd det saman sjølv. Og nokon strøk med målarkosten. Det blir mitt prosjekt i måra.
|

Artig å følge med her, Magun! Har sjøl totalrenovert og vet at det er et slitsomt og kostbart, men SÅ spennende prosjekt. Stå på :) AnitaSJ
SvarSlettSå kjekt :) ja det er spennande og kostbart, heilt rett :) men heilt nødvendig for at det skal bli mitt hus :) skal det ikkje vere Toneheimtreff snart då? Hadde vore kjekt....neste år er det 15 ?!?!?! år sidan?!?!.....oh my som tida går.....
SvarSlett