torsdag 9. februar 2012

Kjøkkenlei??


Denne veka har flygd avgarde som alle andre veker, men i huset syns eg det har gått tregt... Kanskje fordi eg er begynnt å bli litt lei....?!?!?!

Kjøkkenet er HEILT fullt med møblar så det er liten plass å bevege seg på, ergo, liten grunn til å vere heime utan at ein skal sove ;) men eg er jo glad i å sove så.... hehe :)
Tanken på at kjøkkengolvet fakstisk blir heilt tomt er god, når eg får til kroken borte til venstre der :)


Har funne ut at i den nye lille kroken min skal eg få bygd ein hjørnebenk, og har kjøkkenbordet og kjøkkenlampen der. Men eg er er ikkje komt noko lenger med den ideen gitt...det må eg gjere noko med før alle sagene forsvinn her. Var å sjekka prisar på hobbyplater men syns dei var dyre.....her er nok noko eg kan bruke om eg går på skattejakt i huset ;) will do :)
Her er golvet i den nye delen av stova oppretta. Dette er opprinnelig verandaen, så det var god halling på golvet. Så blei det soverom. Og no blir det stove :)
Ovnen blei fjerna i dag, og holet murt igjen. Fann tak i lignande stein hos naboen som bygde huset. Steinen hadde ligg hos han sidan då!! Då var det vel pappa som har kjøpt den då kanskje ;) eg ekje gneta i det heile tatt.... :P
Til helga skal pipa målast, helst tre strøk. Får sjå om eg rekk det.
Spaltegolvet er komt på plass på soveromma. Reknar med det kjem på plass i stove og gang i morgon. Måndag skal det leggast rør og varmefordelingsplater. Deretter parkett...og så FERDIG?!?! :) :) for godt til å vere sant :)

Første teikn på at eg er sanndrømt!!! Alle oppussings- og kjøkkendraumane mine treng eit eige blogginnlegg :)

Men no er det natta natta  herifrå, tiiiidlig opp i morgon :) Og så skal eg til frisøren :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar