lørdag 29. september 2012

Haustbilder

Tok masse fine bilder då eg 
gjekk tur rundt sætrane i dag 
Delar eit utvalg med dykk!!
(alt for å sleppe å gå i kjellaren å jobbe...nemlig...)
Hytta til tante :)















Bruasætra


Godt å vere inne og :) 


Ha ein fin laurdagskveld, 
eg ventar besøk :)

mandag 24. september 2012

Kvivsvegen er opna!!

I helga blei Kvivsvegen opna!!
Stort for heile regionen og bygda!!

Utsikta mi er då slett ikkje så verst heller??


Gratulerer til alle saman!!
Turen til Volda har eg framleis til gode, 
men til Bjørke har eg vore :) 

lørdag 15. september 2012

Heimesnekkra baderomshylle

 Då er baderomshylla ferdig!!

Delvis sjølvteikna,
laga av gran plankar,
kappa i rette lengder på Xl-bygg i Stryn, 
lakka kvite, 
for så å skrue det saman. 
Heilt enkelt!!
6 lengder  a´120cm
6 lengder   a´75cm
9 lengder a´70,4cm
4 lengder   a´30cm

Vater, skrumaskin, skruar og meter

Vips; ferdig!!

Hylla kosta meg den nette sum av 448kr :)

Lakka med lakk med mykje kvitfarge i.
(akkurat litt for lite med 1 liter...)
I morgon skal eg få hylla på plass, 
fylle den opp, 
 og tømme resterande badromsinnredning. 

 Den blir skifta medan eg er i Stockholm :)
(dei lysegrøne veggane må eg leve med ei stund...)
GLEDA MEG!!

tirsdag 11. september 2012

Travle (kjekke) tider :)

Lite med blogging på meg om dagen. 
Mykje farting, har vore til Askvoll på besøk,
 og to dagar i Førde på kursSlett ikkje verst...då fekk eg med meg Plantasjen og nye potteskjularar er på plass, godt fornøgd. 
Og sjølvsagt, havrekjeks frå BREIM. 
ALLTID!! :)

Mange balar i lufta no, så mykje skjer om eg er dårlig på bloggefronten ;)
- straks pakkar eg kofferten for studietur til Stockholm, det blir spennande
-jammen skal eg ikkje vere filmstjerne for ein dag også (hoho, no kan de lure...)
-arbeidet med yttergangen i kjellaren er godt i gang
-ny badromsinnredning på badet oppe kjem på plass medan eg er i utlandet, 
- OG trykkreduksjonsventil!!! Ingen fleire lekkasjar her i huset. BASTA!!
-planar om å bygge hylle på badet...det trur eg blir veldig bra, følg med følg med... :)
-lage gjesterom av "det rommet som skal inni badet på sikt"....håpar eg klarar det til jul.....
-"Skappelgensaren" er fortsatt under produksjon
-så skal eg sjølvsagt lage alle julegåvene sjølv....hoho...(det skulle eg i fjor og...)

Arbeidsledig...?? ikkje eg nei :) 
Ellers regna det både sidelengs og oppaette og nedaette.... 
Finfint inneveir, og fantastisk jobbveir!!
Eg tulla ikkje, 
kva er vel kjekkare enn å hoppe i søyler??

Leita fram litt bilder frå i sommar. 
Fann mi gamle klovnedrakt på loftet. 
Desse to fekk meg kanskje til å rive meg i håret i sommarferien....
...men no kan dei godt komme att og kosemose ho tante..... 
SMASK!!





Brio-togsett som vi fann på loftet :)

Bursdagsguten er blitt 4!!!!
Ha ein fin kveld :)