torsdag 31. mai 2012

Når ein stod på målstreken.....

Forrige gang eg blogga var eg på rett stad til rett tid.....denne gangen var eg det ikkje. Då draumde eg mine søtaste draumar i første etasje, medan vatnet fossa i andre etasje. Den morgonen var fyllt med frustrasjon, stygge ord, tårer, oppgitthet, eg er så sleeeeeta....... 

Dei klokaste orda eg nokon gong har fått servert kom til meg då. Det var ein klok mann som sa til meg for ganske nøyaktig fire år sidan. "Slik du har det NO, slik skal du ikkje ha det for alltid". Heilt sant. Det her ORDNAR SEG!!! Sånn trur eg det er lurt å tenke i mange slags situasjonar, då finn ein det beste i situasjonen ;) 

Eg må og skrive at eg verken er sint, skuffa, eller anklagar nokon for å ha gjort noko gale.... Kva....kvifor....korleis...kordan dette har skjedd er noko uklart, så det får bli forsikringselskapa si oppgåve å finne ut av ;) 

DET ORDNAR SEG!!!!
Litt bilder rett etter eg oppdaga lekkasjen....



Ute i vindfanget,,,,
Inne i kjøkkenbenken var lekasjen...
Gangen, ut på soverommet og inn på badet var der vatn....

Syndaren....



Stova.....

I dag har ISS skadeservice vore her og fjerna alle golvbelegga.....over helga skal det borast her og der for å finne ut kva som ligg i grunnen på huset, først då finn dei vel ut kor "gale" det er. 
Akkurat no ser det slik ut.... 

Gangen min  bak leiligheta)

Lengst bak i stova

Stova framover

Kjøkkenkroken..

Blir enklare å måle muren no som ovnen ikkje står der...

Kjøkkenkroken...ganske vått

Gangen og vindfanget

Inne på soverommet

Her rakk eg å ligge kanskje ein time i sommarvarmen!!! Beste investeringa!!!
Håpar på menge fleire SOLFYLLTE dagar i sommar!!!

Det gode liv oppi Håja :)


ALT ordnar seg!! ;) 

søndag 20. mai 2012

...på rett stad til rett tid....TAKK OG PRIS!!


Var å måla litt i kjellaren i kveld, hadde gitt meg, vaska målarkosten...ja, varmtvatnet oppførte seg litt rart....men hadde jo ikkje brukt den kranen sidan vassrøra blei skifta nede, så skulda på det. Ferdig. Tenkte eg skulle blogge litt om kjellaren og gjekk opp og henta kameraet. Knipsa litt....og PANG!! Vasspruten stod i heile kjøkkenbenken!!
Skrudde febrilsk på stoppekranen, sprang etter tlf.....ka heitte no den rørleggaren...?!?!? Heilt hjerneteppe.... Ringte naboar....Hurra for gode naboar sei eg berre......!!!
Jaja, hadde omsider fått skrudd stoppekranen igjen....og fekk raskt hjelp :) :)
Det som hadde skjedd var at røret til varmtvatnet hadde losna. Så ingenting INNE i veggane heldigvis.
Rørleggaren er på plass i morgontidleg :) Sukk....heilt utmatta eg.  GOD NATT!!







Kjøkkenbenken fråskrua og alt klart for opptørking.....



...og ein liten klesvask på meg....dei søkkvåte tøfflene blei utbytta med støvlar...

Her er så bildene som var tenkt for dette blogginnlegget....dei får berre tale for seg sjølv :) 













 ...av og til dukkar det opp ein skatt...i kjøkkenbenken fann vi denne utgåva av Fjordingen frå 1989.
Dette var eg med på!!!!








lørdag 19. mai 2012

FØR bilder....

1.januar kvelden fekk eg telefonen, kan vi starte i morgon?? JAAA så klart kunne dei det!! Så då var det å hive seg rundt og tømme romma...det tok nokon dagar då, men slik såg det altså ut før ;)
Rart å ha tatt "farvel" med denne stova, men og fryktelig godt!! :) :)




Her er skyvedøra komt på plass, det var den eg starta med 

Soverommet som no er tatt inni stova. Det har og vore veranda, så golvet måtte rettast. Det var berre lagt papp og vegg til vegg teppe oppå betongen. Men no er det varmt og godt ;) 


NESTEN ferdig å tømme....


Og slik såg det ut når eg kom heim frå jobb.......

No er det kjøkkenet i kjellaren som står for tur, slik ser det ut i dag....blir nokon strøk med målarkosten ;)


fredag 18. mai 2012

Raindrop lampen!!

OK!!
Har fått litt "pes" for at eg ikkje har oppdatert bloggen sidan påske..... No skal eg skjerpe meg ;)
Så ein liten "Lampeblogg" i dag. Fekk opp lampen min for eit par veker sidan, og eg blei sååå fornøgd. Kjempefin!!
For dei som lurer, kjøpte eg den her :
http://www.lysforum.no/produkt/pendler/pendel-interior/raindrop-stor

Duken på bordet er frå IKEA, sidan bordet er 110 cm breitt slit eg med å finne dukar til bordet. Men dette var 145 cm brei så den er fin på :)

Ellers så jobbar eg med kjellaren, og eg har fått GOD hjelp!! No er der blitt lyst og fint, men der er fortsatt ein del målearbeid igjen. Kanskje neste blogg innlegg?? :)

Litt bilder :)






Ekje det fint oppi Håjen vel??? 



Den ledninga som heng og sleng på bildet blei eg irritert på no, så no er del lagt i list:) 

GOD HELG!!