Ja, mandag flytta eg inn på kjøkkenet. Stova blei tømd (nesten då) for møblar, og dei er stua vekk både her og der. Så no har eg seng, sofa, bord og stolar på kjøkkenet. Godt med stort kjøkken på 22 kvm :) I buen som skil stova og kjøkkenet er det hegt opp plast, og eg har ein vifteovn til å holde varmen oppe med. Slett ikkje verst, held godt 20 grader her så eg klagar ikkje :)
Då eg kom heim tysdag fekk eg sjokk.....alt var nedrive, som avtalt sjølvsagt, untakstilstand tenkte eg :) men stova var brått blitt 60 kvm!! Det skal bli deilig det!!!
Siste dagane har gått med til å ordne det som skal på golv, vegg og tak....jammen kostar det!! Men fint skal det bli :) Har og erfart at det dukkar opp ting etterkvart som ein ikkje har tenkt på...og vips så skal eg ta store valg på kort tid. Litt frustrerande. Men eg trur det blir ny peisovn i stova (Aduro 9)...og at eg har valgt dei rette dørene....og at.... :)
På veggane i alle rom skal eg ha ferdigmåla plater Antikk Skygge Eggkvit. Og er det ein kode eg har lært meg no så er det 0502Y!! :) I taket blir det vanlige kvite huntonittplater (trur eg det var...) og på golvet skal eg ha einstava lys eikeparkett. Det hadde eg tenkt å ha over heile linja men sånn blir det altså ikkje... Handlar til kjøkkenet så eg har det klart når det ein gong skal pussast opp. I gangen skal eg legge laminat som lignar på flis, det har eg ikkje landa heilt på enda. Soveromma får trestava eikeparkett.
BAK veggane blir det etterisolert med 5cm, og UNDER golvet skal det bli deilig golvvarme. Skal hente varmen frå luft til vatn. Den gamle varmepumpa skal eg sette i leligheta i kjellaren.
I kjellaren er badet snart ferdig, det blei kjempefint!! Kvite plater på veggane og grå litt ru flis 10x10 på golvet. Eg set innigjen den opprinnelige vasken og wc, sidan det ikkje er så gamalt. Kutta ut dusjdør då det blei for plasskrevjande på ein lite bad på 2,3 kvm.... Dusjstang med forheng gjer nytta :)
Veggen i stova er ferdig, berre støpsela i veggen som manglar. Og ein del malingsabeid som eg skal utføre. Men no er der fullt med møblar så det er ikkje heilt godt å komme i gang. Det får vente til eg er ferdig her oppe.
Ja...mykje å tenkje på... :) men det er kjekt!! Kjekt at det ENDELIG skjer!!!
Kjedeligaste jobben er å rydde...for eg er så himla dårlig til å kaste ting. Så no er alle boder smekkfulle, så siste rest må ut døra!! Og det MÅ skje i måra. For mandag er snikkarane på plass att, og då skal meir rivast. Sitat dei; "Vi kan vel rote det skikkelig til når vi først rotar??" Flinke og effektive er dei, det skal dei ha!! :) Eg er kjempefornøgd!!
Lite ser eigentlig eg til kva som skjer her dagane, naboane derimot fortel om både fem og seks bilar som har stått her for dag.... For min del er det spennande å komme heim frå jobb og sjå forandringane. Gu så eg gledar meg til det er ferdig :) :)
No er det seint på kveld her på kjøkkenet, eg og to kattar. Til min frustrasjon likar dei seg best oppå kjøkkenbenken... dei må nok få seg eit stativ å klatre på som dei har lov å ligge oppå :)
Skal legge ut bilder frå prosjektet i måra.
God natt frå kjøkkenet :)