tirsdag 24. januar 2012

FERIE-dag!!

Ein god feriedag i dag. Fri midt i veka er rein luksus for meg. Ein mykje meir effektiv dag enn helgar. Berre so det er sagt :) 
Starta dagen med ein kjapp tur til Stryn for å bestille laminat til gangen, trur dette berre blir lekkert. (den lykta var steike stilig den og....)
Laminat i gangen :)
Alle platene til veggane kom i dag, og dei første er komt på veggen. Her kan eg skryte av at eg og har bidradd med noko....eg bar NOKON plater ;) (eg er verken sterk eller har lange nok armar...)

Skygge Eggehvit
Veggplater i heile hovudetasjen
Fekk bestillt ny peisovn i dag....gledar meg!!!! Det blir glasplate under slik at parketten viser igjennom :)

Aduro 9 svanemerket peisovn
Peisovn i stova oppe...den blir vel mest til pynt :) 
Tja, ellers så er taket på plass i stova...og nesten alle veggar isolerte....fleire lass med rusk er komt på miljøstasjonen.....og eg bor framleis på kjøkkenet :) 

No skal eg kvile resten av feriedagen min :)  

ÅÅÅÅÅ so eg gleda meg til det er ferdig!!!!! O´ LYKKE!!! Eg kjem til å smile rundt :D






2 kommentarer:

  1. Syns du smiler rundt allerede eg... :o) Og det har du all grunn te...Det blir kjempefint. :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Du har rett :) det er godt :) ...og veit du ka.....sofaen eg vil ha er 25% på.....skal eg virkelig til på den og no..... :S :S :S

      Slett