lørdag 30. oktober 2010

Eg er i gang!!!

Eg er i gang!!!! I fjor skulle ALLE få heimelaga julegåve.... NO har eg leita fram alt stoffet eg kjøpte i fjor, og i år, og er i gang!! Så kanskje NOKON får heimelaga julegåver i år?? Eg er i allefall ferdig med første prosjektet, sparketeppe til Brage, så det blir kjekt å gje vekk neste helg <3>
Stoff og stil har utrulig mykje fint stoff, eg er ivrig der. www.stoffogstil.no
For øvrig så fekk eg meg symaskin med mamma då eg blei 23?? år, herregud, det hørtes lenge ut sidan.....den har eg aldri blitt venn med, så eg har dradd fram mamma si gode gamle Husqvarna, god som ny :D så den vil eg ha, eg kan heller gje vekk mi "nye" ;)
"God" hjelp har eg hatt og ;) Sant det blei fint????
:D :D
Mulig eg er tidlig ute, men eg har no kjøpt juleblad eg :) så her skal det plukkast idear :) Måtte handle inn litt til dette teppet i sta og, vatt og fleese, og eg fann sjølvsagt eit grønt fleesepledd i perfekt grønfarge på tilbud til 35 kr, heilt perfekt!!! (Aberet er då at eg kjøpe TI pledd...i blått, raudt og beige...ikkje noko å sei på ambisjonane her nei....) Lure DU på kva DU får til jul???? ;)
Margun






onsdag 20. oktober 2010

I dag kom kong vinter...

Lenge sidan eg har blogga no, har i grunn hatt tida til det, men det spørs kor motivasjonen ligg henne... Eg har omsider innsett det, eg må ta EIN TING I GANGEN, men eg veit ikkje heilt om eg klarar det i praksis enda :S Har haudet fullt i idear, og set alt halvt ut i livet...ja...då blir det meste halvgjort då ;)
Men i dag har eg laga denne fine lyslykta, fin sant? Og så enkelt!! Vi har laga mange slike i barnehagen, blei inspirert der, flinke og kreative Paola :)
Så no kan lange mørke vinterkveldar kome, så skal alle mine halvgjorte kreative idear gjerast noko med. Julegåver skal eg lage, sy skal eg gjere, måle gangen og få ferdig biblioteket mitt...og det kreative rommet då...der eg skal bli enda meir kreativ...kremt. Berre vent, det blir fint :D
Åsso bake...og lage julebord...åsso....ja. ;) førjulstida har eg rett og slett bestemt meg for skal bli bra :)
Eg har fått meg to kattar sidan sist :)Eg var veldig i tvil, men no angarar eg ikkje... Først ein...og så enda ein.... Syns no synd på den katten som måtte vere heime heile dagen medan eg er på jobb. Puseline og Pepsi Singapore ( eg fekk den den dagen Stin og dei reiste til Singapore ;)
Dei var ikkje så begeistra for kvarandre istarten, men no er dei bestisar ser de :)
Skal prøve å blogge oftare og ta bilde frå "oppussinga" mi
Chao :D