søndag 15. august 2010

Fjelltur!!

Eg kan berre ikkje få skrytt nok av dei to kompanjongane mine som gjekk frå Stryn til Hånndalen i dag, via Gulekoppen. Eg hadde mange fleire og altså, men eg tok ikkje bilde av dei...

På toppen av Gulekoppen på bildet. Flott tur, passe sleta og passe solbrend...

Då er der berre ni toppar att for å fullføre supertrimmen i år og...mon tru det går i år og?

Margun

torsdag 12. august 2010

"Solbæra, har du tenkt på dei??"

Jo, ein tel ned på dagane til ein skal begynne på jobb igjen etter ferien, og kvir seg fælt og lenge til ein må stå tidleg opp igjen...men det går jo heilt fint jo. Det er faktisk godt. Det er det det er. For no er jo sommaren komen og. Eg får vere ute i sola heile dagen :) Komme i rutiner igjen, lange effektive dagar, få gjort masse. Trene. Sant nok - middagskvilda er ein del av rutinane. Eg likar det :) Idag sov eg middag i sola på terassen, herleg. Heilt til naboungane ringte på og skulle selge meg massasje til alt frå 1 til 6 kroner :)

Er jo mange ting eg KUNNE gjort istaden for å sove middag. Er faktisk mykje ein må gjere (både av det ein vil og absolutt ikkje vil) når ein eig eit heilt hus.... og ja, i dag blei eg minna på solbæra... "Har du tenkt på dei"?? Nei det hadde eg ikkje. Og snart må eg vel tenke på pærene, epla, plommene, stikkelsbæra, ripsa.... Hmm. Snill som eg er gir eg det vekk :) Enkelt og greit. Nei stikkelsbæra vil eg ha. Dei er gode, store gule, mmmm :)

Skal tru kva meir eg må tenkje på? Graset. Eg må slå graset, og når eg ikkje må slå graset må eg måke snøv. Ja også takrennene, hehe no veks det faktisk blomster i takrenna, ikkje noko å skryte av kanskje, men eg syns det er litt morosamt. Kanskje det er ein passeleg jobb til helga... Blomster ja, blomsterbedA, det er ikkje berre eit, men FEM. Ikkje eit vakkert syn akkurat no. Om eg reinskar dei, så veks det vilt igjen om to veker. DET er lite motiverande å jobbe med det. Krukker. Krukker med blomster. Det er det eg vil ha.

NEI, det er vel best med middagskvilda. I sola :) Så kan eg ligge der og tenke på alt eg skulle ha gjort.
No kom eg på den veggen i kjellaren og som skulle hatt eit strøk til med måling, det får bli ein dag det regnar. Ja.

No får det vere bra med syting, det er vel best eg får meg litt søvn ;) God natt :)
Margun

mandag 2. august 2010

Framgang i huset :D

Ferien går fort, men eg har fått gjort litt av alt eg hadde tenkt å få gjort, litt ein ikkje hadde tenkt å få gjort, og gjort ting ein ikkje hadde tenkt ein skulle gjere, og tenkt ut meir ein skulle ha gjort eller må få gjort...?!? Hmm, hehe :)


Tenkte denne bloggen skulle blir litt "husblogg" skrive om alt eg gjere, tenkje eg kan gjere, eller berre kan draume om å gjere...
MEN, no har eg fått på plass Bergsbo skåp frå Ikea på kjøkkenet, det blei ganske fint :) Ikkje sant?
Har lyst å lage ein benk i hjørnet med masse puter, men eg e og veldig glad i den grøne ørelappstolen...eg må bli enig med meg sjølv....det kan ta si tid ;)

Ellers så har eg fått rydda ut av kjøkkeninngangen slik at eg kan begynne å lage til vaskerommet der (når eg har råd...) og rydda ut av gangen nede i kjellaren, der skal det bli bibliotek. Veggen er vaska, så no blir det å gå over med kvistlakk, grunning og nokon strøk med måling.
Det blir fint :)
Margun