lørdag 25. februar 2012

Eigeninsats....

Har i fleire dagar tenkt at eg må legge inn eit nytt innlegg på bloggen. Men kva skal eg skrive om då....?? Var veldig greit å blogge om huset så lenge snikkarane var her, for då var det jo store forandringar frå dag til dag... No er det eg sjølv som må stå forandringane. Egeninnsats....
Ergo, ikkje dei store revolusjonane frå dag til dag....
Svartbrend ovn.....

En del utfordringar.... Kor vanskelig kan det vere å fyre i ovnen då??? Men...den brann seg svart ganske kjapt. Så no skal eg få slite med å få den fin igjen. Problemet var at ovnen i kjellarleiligheta, som ikkje er i bruk, stod med open trekk og ope spjeld, og dermed stal all lufta i pipa. Då samla det seg masse røyk i min ovn, som gjorde den svart. Men dei som har greie på det seie at den skal brenne seg rein sjølv...Utolmodige meg har testa ut både vatn, oske...glassrens... Blir vel bar igjen ein gong... ;)

Har fått ny sofa!!! Har tilbringa masse tid i den allerede, godt fornøgd med den. TVen er på plass igjen og, godt fornøgd over at eg klarte å få den opp å gå igjen heilt aleine :) :) Så i dag fekk eg sett sambygdingen Fannemel hoppe veeeldig langt på ski. Utrulig kjekt!!!

Planane framover er å få iorden leiligheta i kjellaren. Ein god del målingsarbeid. Heldigvis mange som har sagt dei vil hjelpe meg :) MASSE arbeid.....

Ny lampe over spisebordet har eg bestillt.....noko spennt på den ;)
Kjempekupp!!! :)
Raindrop Stor
Raindrop Stor

Har fått Billyhyllene som har stått i kjellargangen opp i stova i dag, skal ha på dører og lage bibliotek. Ser ut til at det skal bli veldig fint :)
I måra får eg heim tre Malm kommodar frå Ikea, så då kan eg få orden på kleda mine og...ååå blir kjekt å få orden på ting og tang!! :)

Andre ting..?? Ventar på skyvedøra til kjøkkenet, og tre andre dører...og varmepumpa som skal fikse golvvarmen. Inntil då må eg fyre med ved. Ovnen er god, og det blir fort varmt her, så eg lid inga nød :)
Litt elektrisk arbeid står att....tja, snart i mål :)

Eg likar best å sitte her i sofen og nyte synet av stova. Lure på kortid eg forstår at dette er stova mi. Og at her skal eg bo. Og at det skal vere slik heile tida. Hmm. Det er jo perfekt jo ;)


Fleire enn meg som likar den nye sofaen ;) 


søndag 19. februar 2012

(Nesten) FERDIG!!

Det blei ei lita veke til på kjøkkenet gitt. Men i natt blei det den siste natta på kjøkkenet!! Eg kunne ha flytta ut før, men greit å ha ei seng å sove i :)
Har vore på ein kjapp trøndelags-tur i helga, så no har eg fått handla litt av alt eg hadde lyst på på Ikea :)

Ein fantastisk oppdagelse eg fekk ved å reise til Ikea i Trondheim var at eg har ei venninne frå tida på Toneheim Folkehøgskule som er nabo til Ikea!! Og då snakkar vi rett over vegen-nabo!!! Kjem eg til å benytte meg av det seinare????....hø-høø..... :D :D

Dagen i dag!! I dag hadde eg alliert meg med god nabo-hjelp. Trufaste Unni troppa opp kl ni i dag tidlig og fekk hjelpt meg å bære, montere, pusse støv av, veeeente..., bære meir...lette og tuuunge møblar, opp og ned trappa. Min snille onkel kom og hjalp til med den tyngste skjenken.  :) Så no er den på plass i stova MI!! Det er MIIII stove no :) :)

Litt bilder frå turen og huset (men det er lenge til eg er i mål altså.......)
Er vel best å vere på den trygge sida, men dette baud ikkje på noko problem ;)
ikkje anna enn at vi blei redde for å misste kolonna på Strynefjellet. Men det og gjekk bra!

Finfin ettermiddag over fjellet

Vi var å åt frukost på "Å-stuggu", fristande lokale varer stod fint utstillt.
Så denne vinposen kom eg heim med. Skal nok finne ut av oppskrifta. Det er vertfall planen.... 

Ja, no er eg altså FERDIG på Ikea.... tok ikkje med kameraet inn....

Sidan Unni monterte kjøkkenlampen min, så fekk ho montere denne og
...så slapp eg forstå meg på det ; ) her ser de litt av stova og nye ovnen min :)

Pepsi´en fekk seg Gosig-mus frå Ikea...

Kjøkkenet nærmar seg "normalen" att....

Har fått tak i korger i kvitehylla mi...må komme meir i orden før det blir andre bilder....

Litt av lysekruna eg skal ha over spisebordet

Oppussingsobjekt på sikt.... Likar godt å blande gamalt og nytt

Nye ovnen min

Nok eit prosjekt eg driv å planlegg.... ;) 


STOLEN på plass. Ikea for dei som lurer....

Endelig plass til å henge opp klesvask igjen....maskina må nok gå jevnt no....
Kanskje eg får tid til slike prosjekt i gjen....?!?!

Dette blei litt i full fart, betre bilder kjem :) :)
No er det begynnt å mørkne ute...og eg ser at eg må ha meir lampar..... hmmm.....

Nokon lysbrytarar som manglar og litt strøm i nokon kontakter....men det kjem vel etterkvart!!
No skal eg berre nyyyyyyte det  :)

Ha ein finfin kveld!!


mandag 13. februar 2012

Siste natt på kjøkkenet!!!

Etter 30 netter på kjøkkenet skal eg få flytte inn på soverommet igjen; I MORGON!! *GLISE* 
DET blir godt det!!!
Varmefordelingsplatene er på plass, røra er på plass, laminatgolvet er komt på plass i gangen, parketten er...komt i hus, (nokon av) dørene er...komt i hus... :D og kanskje det beste av alt i dag; VASKEMASKINA er komt opp ein etasje!!! 
No kjem eg på at eg har gløymt å gå i kjellaren å sjekke badet. Har blitt ferdig det og om alt har gått etter avtala :D 

Ååå...snart ferdig!!!! 
JAAA...og TUSEN TAKK til den som lot støvsugaren stå i støpselet istadenfor varmovnen min på kjøkkenet.......13 grader er VARME det og.... eg ekje langsur  ;) 

Dagens bilder !!!

All parketten til stove og soverom

Slik går vatnet i sløyfer, og platene skal sørge for jevn varme.
Alle røra fører i kjellaren til ein  sentral....som ikkje er på plass enda ;) 

Laminat i gang

Pepsi testar ut golvet....ny ytterdør??...ja takk!!

Vaskemaskina ein etasje opp!!! Det blir bra!! Trur den skal få seg ein utvendig
skrubb etter at det har blitt bora i betongveggen rett over der ho stod før....



søndag 12. februar 2012

Morsdag :)

I dag er det morsdag. Medan eg stod å måla andre strøket på pipa i sta, fann eg ut at eg skulle skrive litt om mamma på bloggen i dag. Eg er livredd for at ho skal bli gløymt, ho var jo eit så godt menneske. Så eg må skrive litt om mamma og pappa av og til <3

Eg skriv jo i innledninga i bloggen at eg skal skrive litt om korleis det er å overta huset etter mine foreldre. Så i dag er ein fin dag å skrive om ho på :) hadde ho vore her, så hadde det vore kake og kaffi i dag ;)

Først tenkte eg at eg må komme på ei god historie slik eg huskar ho. Eg vil nemlig ta med meg dei gode minna, dei gode historiene, dei artige episodane, og ikkje alt som var tungt og trist den siste tida, og at det skal vere så fryktelig trist i ettertida. Eg nektar å grave meg ned i det. Det var ikkje det ho ville. Derfor.
Eg vil heller minnast ho, og pappa, på merkedagar med å tenkje på det som var kjekt, godt, bra, morosamt, fint, flott, fantastisk...gjere fine ting, og minnast dei på min måte.
Ein gjer dagen til det ein vil sjølv ;)
Men....det å vere sterk, betyr ikkje at ein aldri har lov å vere svak ;) Husk det.

For dei som ikkje kjenner meg, eller veit kven eg er, så døde mamma frå oss etter åtte års kamp mot kreften. Ho sovna stille inn om morgonen den 4.juli 2008. To dagar før eg blei 30 år. Før ho døde avtala vi at eg skulle overta huset. Ein lovnad eg ikkje ville bryte.

Men tilbake til dei gode historiene. Mulig bror min blir sur på meg no. Men det var den første historia som slo meg. Den gangen mamma lo så ho gjekk i kne på stovegolvet her. Av min bror som snakka i søvne. Skal spare han for å gjengje det her. Hehe, men ein nyinnkjøpt bruktbil av merket TOYOTA CAROLLLLLA var sentralt tema. *flire*

Vidare (mens eg måla...) tenkte eg på kva ho ville sagt om ho var her no, og såg på at eg måla andre strøket på pipa....
*"koffør hakje vi gjort det der før...??"
*"VI skulle ikkje tatt å måla vinduskarmane og vel...??..åsso hadde det no vore kjekt å fått måla det der..."
*"åå so fint det blir*
*"ååå, du er ein knupp/roseknupp/engel!"
*"eg går å gleime verda litt eg, til du er ferdig..."
*"ka du ve ha til middag?"
*"no trenge du ein pause.."
*"trenge den eit strøk til?"

Mange måtar å feire morsdag på, men her i huset blei andre strøket på pipa er dedikert til mamma <3
DU SKULLE VORE HER OG SETT DU NO!!!! <3

Husstatus..... Det nærmar seg. Mandag blir det lagt rør i golvet og varmefordelingsplater. Tysdag tar dei fatt på parketten, etter det er det ein del listing og sikkert anna "plukkarbeid". Ein del målingsarbeid på meg.... Har att eitt strøk på pipa, taket på eine soverommet og taket i gangen. Eit skap som var irrgrønt skal og målast. Tvilar på at eg blir ferdig til tysdag.

Tysdag begynner vel ein ny epoke i livet mitt og. "Livredd for hakk i parketten-epoken" ;)

Eg gledar meg villt til å flytte ut av kjøkkenet. Har sove på kjøkkenet sidan 16.januar...

Litt bilder :)

Spaltegolvet er ferdig

Etter første strøket

Før (nesten...)
Etter andre strøket 
Litt irriterande at desse bilda ikkje vil stå i rett rekkefølge....men eg kan ikkje bruke meir tid på det... ;)
Enn om dei kunne bidratt med noko istaden for å ligge der å drage seg........
TIVOLI!! Uunværlig!!! 
I mangel på oppbevaringsplass målar eg skåpa med innhald...
Noko risikabelt... Dørene skal eg måle seinare

torsdag 9. februar 2012

Kjøkkenlei??


Denne veka har flygd avgarde som alle andre veker, men i huset syns eg det har gått tregt... Kanskje fordi eg er begynnt å bli litt lei....?!?!?!

Kjøkkenet er HEILT fullt med møblar så det er liten plass å bevege seg på, ergo, liten grunn til å vere heime utan at ein skal sove ;) men eg er jo glad i å sove så.... hehe :)
Tanken på at kjøkkengolvet fakstisk blir heilt tomt er god, når eg får til kroken borte til venstre der :)


Har funne ut at i den nye lille kroken min skal eg få bygd ein hjørnebenk, og har kjøkkenbordet og kjøkkenlampen der. Men eg er er ikkje komt noko lenger med den ideen gitt...det må eg gjere noko med før alle sagene forsvinn her. Var å sjekka prisar på hobbyplater men syns dei var dyre.....her er nok noko eg kan bruke om eg går på skattejakt i huset ;) will do :)
Her er golvet i den nye delen av stova oppretta. Dette er opprinnelig verandaen, så det var god halling på golvet. Så blei det soverom. Og no blir det stove :)
Ovnen blei fjerna i dag, og holet murt igjen. Fann tak i lignande stein hos naboen som bygde huset. Steinen hadde ligg hos han sidan då!! Då var det vel pappa som har kjøpt den då kanskje ;) eg ekje gneta i det heile tatt.... :P
Til helga skal pipa målast, helst tre strøk. Får sjå om eg rekk det.
Spaltegolvet er komt på plass på soveromma. Reknar med det kjem på plass i stove og gang i morgon. Måndag skal det leggast rør og varmefordelingsplater. Deretter parkett...og så FERDIG?!?! :) :) for godt til å vere sant :)

Første teikn på at eg er sanndrømt!!! Alle oppussings- og kjøkkendraumane mine treng eit eige blogginnlegg :)

Men no er det natta natta  herifrå, tiiiidlig opp i morgon :) Og så skal eg til frisøren :)

søndag 5. februar 2012

Søndagskveld...og snart ny oppussings- og jobbveke :)

Helgar er gode til å bruke å sove. Det har eg vertfall fått gjort nok denne helga : ) Søv ikkje spesielt godt her på kjøkkenet, så skal bli godt å flytte inn på soverommet igjen om ikkje lenge. 
No er kjøkkenet enda meir kompakt pakka enn før, i måra må spisestua og inn her. Men då er her fullt. HEILT fullt. 
I måra skal dei rette opp golvet, der det før var veranda, og så blir det vel eit forsøk på å få ut ovnen. Den er kobla til oljefyr, så det må vel rett person på plass for å koble den av. 
Spaltegolvet er under produksjon, så det kjem på plass i løpet av veka. Så litt stillstand blir det nok denne veka. Jaja....slepp kanskje stå opp så himla tidlig kvar dag då :D :D

Får bruke tida på å planlegge IKEA turen min om eit par helgar....ikkje reint lite eg har lyst på. Huskelista er lang....og kronene må skrapast saman :) 

Litt av alt eg ser for meg.....

Friday 3 seter m/diva
Sofa frå Bohus, Friday Diva. På kampanje no, så ikkje ei alt for dyr sak :)



FILLSTA Gulvlampe, hvit Høyde: 75 cm Skjermdiameter: 78 cm Ledningslengde: 330 cm
Fillsta gulvlampe, eg har samme som kjøkkenlampe, har lyst å ha denne i stova...


STORSELE Stol med høy rygg, svart, rotting Bredde: 69 cm Dybde: 78 cm Høyde: 100 cm Sete bredde: 45 cm Setedybde: 45 cm Setehøyde: 40 cm
Denne blei presentert for meg i dag. Kjempefin med LUDDE sauefell og litt puter. Allerede prøvesittet av mi svigerinne Kjerstin ;)


Kan ikkje legge ut bilde av alt eg har lyst på. Kommodar, hyller, korger, speglar, baderomsinnredning, klokke, puter, tepper.... Må nok eliminere vekk litt... :) 

På kjøkkenet har eg tenkt å lage meg ein benk i det nye hjørnet mitt. Må få kjøpt inn material slik at snikkarane kan kutte det opp i rette lengder til meg. Så skal eg nok få skrudd det saman sjølv. Og nokon strøk med målarkosten. Det blir mitt prosjekt i måra. 

onsdag 1. februar 2012

Ei lita "midtveke" oppdatering :)

No går det fort framover her!! Veggar og tak er snart ferdig, dei reknar med å vere ferdig i morgon. Så no har elektrikarane litt å gjere på... Skiftar heile sikringskåpa og, det var vel på tide...
I dag har eg fått meg skyvedør på kjøkkenet, vips var kjøkkenet blitt eit eige rom, og ikkje heng "ihop" med stova lenger.
Soveromma har fått nye vindu, og det eine verandadør. Den går forøvrig feil veg...første store glipp... :( men...det er lenge til eg skal gå ut den døra, må ha råd til å bygge veranda først... Kan heldigvis bytte den ut med ei dør eg skal bestille til kjellaren seinare.
Vindfanget blei rive i dag!!! KJEMPESTOR gang!!! DET blir bra!!

Då får eg berre håpe at rørleggarane står klare til dyst, slik at det ikkje blir noko stillstand her....ikkje heilt klar for det... Så viss alt går etter planen så skal det ikkje vere så lenge igjen :) :) :)


Bilder!!!

Ny "lita" opning mellom kjøkkenet og stova. Kanskje ein kontorkrok borti der??

Veggen til vindfanget blei rive i dag. Rommet rett fram skal inni badet ein gong i framtida. Akkurat no er det fullstappa med møblar ting og tang. "Klossen" som stikk inni gangen skal rivast og vere i gangen. Her skal det inn skyvedørs garderobe frå ytterdøra til do døra. MEN....det er ein gong i framtida ;) Kan sette ein kommode i hukken der inn til vidare :)

Soverommet, verandadør på plass og nytt vindu. Utelampe får eg meg og :) døra må vendast andre vegen. 

Det andre soverommet

Stova er så og sei ferdig.

Tv kroken :)