onsdag 1. februar 2012

Ei lita "midtveke" oppdatering :)

No går det fort framover her!! Veggar og tak er snart ferdig, dei reknar med å vere ferdig i morgon. Så no har elektrikarane litt å gjere på... Skiftar heile sikringskåpa og, det var vel på tide...
I dag har eg fått meg skyvedør på kjøkkenet, vips var kjøkkenet blitt eit eige rom, og ikkje heng "ihop" med stova lenger.
Soveromma har fått nye vindu, og det eine verandadør. Den går forøvrig feil veg...første store glipp... :( men...det er lenge til eg skal gå ut den døra, må ha råd til å bygge veranda først... Kan heldigvis bytte den ut med ei dør eg skal bestille til kjellaren seinare.
Vindfanget blei rive i dag!!! KJEMPESTOR gang!!! DET blir bra!!

Då får eg berre håpe at rørleggarane står klare til dyst, slik at det ikkje blir noko stillstand her....ikkje heilt klar for det... Så viss alt går etter planen så skal det ikkje vere så lenge igjen :) :) :)


Bilder!!!

Ny "lita" opning mellom kjøkkenet og stova. Kanskje ein kontorkrok borti der??

Veggen til vindfanget blei rive i dag. Rommet rett fram skal inni badet ein gong i framtida. Akkurat no er det fullstappa med møblar ting og tang. "Klossen" som stikk inni gangen skal rivast og vere i gangen. Her skal det inn skyvedørs garderobe frå ytterdøra til do døra. MEN....det er ein gong i framtida ;) Kan sette ein kommode i hukken der inn til vidare :)

Soverommet, verandadør på plass og nytt vindu. Utelampe får eg meg og :) døra må vendast andre vegen. 

Det andre soverommet

Stova er så og sei ferdig.

Tv kroken :) 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar