onsdag 29. august 2012

Dei fantastiske fjellturane som IKKJE blei i år...

Eit lite sukk og stønn innlegg...
Kor blei det av fjellgeita i meg...??
Eg bor i ei perle av frisk, rein, norsk natur,
og har ikkje vore på ein einaste liten fjellknaus i sommar...

Har leita fram eit knippe av nokon årgamle bilder
Kanskje motivasjonen kjem sigande...
det er jo ikkje for seint
:)

På Gulekoppen!!

Utsikta frå Storehornet


Elva på Hjortedalssætra

Meg på Sætrehornet

Denne steinen ligg mellom Høgenibba og Kviven
Den er min!!

På Ottredalsskaret


Gulekoppen igjen...


...og om ikkje lenge er det vinter att..
finaste Bruasætra :)


(Med beste helsing ei som sov på sofaen i tre timar i dag...)

søndag 26. august 2012

Babyteppe

Var ein tur til Nordfjordeid i går 
og fann dette flotte stoffet 

Dette babyteppet skal mine "gamle" 
leigeboarar få til sin lille nyfødde :) 
Nydelig bomullstoff

Oppklippt i remser i ulike størrelsar

Fram med mamma si gode gamle symaskin
Eg klarar ikkje bli venn med mi eiga...


Med litt flaks fant eg passande tråd i ei skuff

Då var eg i gang :) 

Og som vanleg i min iver...gløymer eg å ta bilder...
Eg fora teppet med eit gamalt flanell sengetrekk, 
og på baksida har eg brukt litt av eit beige fleece-teppe

Då er det berre kantbanda igjen

...å sy hjørner er noko herk...

Merkelappen min må på :) 

Syns det blei lekkert eg :)

...og VIPS ferdig!!

Skal øve meg meir på desse hjørna...
Dette tok ca to timar å lage. 

Ha ein fin søndag! 

fredag 24. august 2012

Oslo Wood

Eit lite innlegg til på ein mørk haustkveld :)
Har i heile sommar tenkt at eg skulle ha ein lampe på plass 
til dei mørke haustkveldane kom.
Og no er den på plass 
LOVE IT!! 

Putene i stolen har eg kjøpt i Singapore, 
skåpet er Billy-hyller med dører frå Ikea, 
"strikke"korg frå Europris, plante frå Coop..
(ja eg veit potta er for lita. Ja, no såg du det og ;) 
hihi
Ellers gamle møblar frå huset mitt.


Måleriet fekk eg av mamma då eg fullførte vidaregåande.
Ein tradisjon ho holdt med oss alle tre.
Måla av Randi Barmen








Som å opne ei julegåve....

I går og i dag har eg hatt to bergensarar i kjellaren.
Og vips, nytt golv.
Finare enn det var.
Men slik er det berre :) 
Hell i uhell...

Spennt.... :) 

Wohoo....
 Og i det eg kom ned trappa blei eg så overvelda 
at eg glømte å ta bilde....
ergo, ingen superbloggar enda ;) 

Det blei jo kjempefint jo!!!!

Stova mot kjøkkenet og gangen

Soverommet

Hmrf..........

No står det "berre" att 
listing i heile leiligheta, 
legging av flis, 
skifte ytterdør, 
måle ferdig soverommet, 
plate gangen, 
måle kjøkkeninnredninga, 
måle alle karmar og dører, 
skifte dørhandtak på dørene, 
garderobeskåp på soverrommet, 
vedovnen på plass att, 
kjøkkenet på plass att
.......puh....
kjem vel i mål.

Eg skal jo berre måle (og betale) :) 
(også var det den verandaen då......hmrf......)

Det er berre 4månedar att til jul. 
Dei sa det på radioen akkurat no. 
Då er det vel sant :)

GOD HELG!!

onsdag 22. august 2012

Nye kreative vegar å gå??

Eit kleskap blei rive og kva viste seg der??? 
Ein knallgrøn vegg!! Bombe??!?!
Då var det berre å svinge kosten igjen.
her var det berre å utfolde seg kreativt!!










Motivasjonen for oppussing er ikkje på topp lenger...
Gleeeeeda meg til å vere ferdig med kjellaren
...men då finn eg vel berre på noko nytt....
(ny veranda hadde jo vore kjekt å hatt...)

I morgon og fredag blir det lagt nytt golv
(då kan eg ikkje grise med måling lenger)

Golvbelegget, og flis til gangen
Spennande :)

søndag 19. august 2012

Skappelgenseren

Då er eg i gang med "Skappel-gensaren" eg og gitt....
slik som resten av Norge, skal ein tru det som står på nettet...
Eg brukar feil type garn, 
eg brukar eit mørkebrunt garn med litt grått i,
som heiter Eco-Alpakka. 
Det var noko eg hadde liggande :)
Eg har ikkje nok garn, 
men satsar på at dei har meir på Ommedal ;)


Oppskrifta til gensaren finn du HER
No blir eg nok sittjande i sofaen framover....

fredag 17. august 2012

Soverommet i leiligheta

Når ein først kjem i gang går det i ein fei!!
Med god hjelp av Anne og Eva
fekk vi heftgrunna og måla første 
strøket på soverommet i kveld
SUPERDUPERT!! :) 


Nye vindu er på plass i heile leiligheta

FØR vi begynnte å måle

FØR

Godt på veg...


Nokon som lure på kva eg 
skal gjere på i helga....????

GOD HELG!!

tirsdag 14. august 2012

Gangen i leiligheta

Då er i eg i gang med gangen!!
Eg har klart å organisere dette heilt sjølv!!
(var bortskjemt med super(organisere)snikkarar då eg starta)
Ein ting er sikkert....
ein lærer av å pusse opp!!!
Trur ikkje det blir meir frå gangen før den er ferdig
...trur eg... ;)

Varmekablar på plass



Eg er framleis fasinert av desse fargane....

Når denne gangen er ferdig... 
då har eg berre to-tre "små-store" prosjekt att....
kanskje eg er ferdig til jul?? 
Då har eg pussa opp i eit år.... 
Gledar meg til berre å BU!! 
(og betale gjeld...hoho)
...og legge planane for neste sommars prosjekter... :)


lørdag 11. august 2012

Hagebord og utebord

Etter å ha sett mange fine kreative bord på diverse bloggar, fekk eg sjølvsagt lyst på mitt eige...kreative... :)
Dagmar gjorde sitt arbeid her også i jula, taket på huset mitt fekk skade, og taket på "kaninhuset" tok seg ein flygetur. Onkel sin (veldig) gamle garasje blei også forblåst, så der har eg henta materiale til mitt hagebord :) Gamalt slitt, ferdig herda veirmessig. Til og med ferdigblåst!! Genialt :)

Eg brukte sju lange plank frå den nedblåste garasjen, seks kapprestar på ca 80cm etter spaltegolvet i stova, og ein god neve med skruar!!
Litt ustøtt er det, må nok stabilisere litt meir.

Bilder :)

Frå skattejakta.... :)

Fant meg nokon små fine skattar eg tok med meg :) 

Då er arbeidet i gang...etter å ha hatt desse fjølene ståande oppetter huset nokon veker.

Betre hjelp må ein leite lenge etter!!!

Her er vi i gang med eine sidestykket

Ferdig!! Fann ein blå benk i kaninhuset og hadde ein umåla på verandaen.
Det får bli neste års prosjekt å måle dei.
 No skal alle finveirsdagane nytast I dei :)







Fisken snart på grillen!! Velbekomme!!