søndag 17. juni 2012

Draumen om ein fin hage

Eg har vel aldri hatt grøne fingrar, eg er ikkje heilt overbevist om at eg kjem til å få det nokon gong heller ;) 
No er målet å få det til å sjå "skamlaust" ut, men mi grense for "skamlaust" er kanskje ikkje lik andre si, hehe :) 
Men eg draumer no om at eg skal få den til å sjå fin ut ein gong.... ein lettstellt hage med urtehage, drivhus, kvitt stakittgjerde, heller med krukker, hagebord, kvite benkar, lykter....sukk :) 

Kjørte til Urke Gartneri i går og kjøpte meg plantar, og tomatar som kan etast som elper!! Heilt fantastiske!! 

Så no har eg laga til "skatten", kassa eg fann i "Dagmars ruiner", kjempefint!!! Skal og lage til ei blomsterkasse på  rekkverket også...men må få tak i oppheng til kassa :) 








Eit tre til besver....nesten irriterande at det er liv i det. 
Eg er vel modig som tørr legge ut bilde av blomsterbedet mitt...trur eg må ha gravemaskin for å få kontroll på det hehe:)



Ha ein fin fin søndag!!