onsdag 18. juli 2012

Arbeidslysta kom til meg i dag!!

I dag kom eg endelig i gang igjen!! No med eit prosjekt som har venta leeeeenge. Blir godt å få det gjort!! Fram med skrujern, hammar, drill(!!), sparkel, sandpapir, målekost og måling!! 
Berre nokon små smakebitar... :) 





SLAPPFISK!!!!!!

Har hatt lyst på pappelina teppe lenge....men dette frå Europris får duge ei stund :)
Det er jo "nesten" like fint?? 


Ha ein fin fin sommarkveld :)


søndag 15. juli 2012

Guacamole

Eg brukar ferien heime til å lage mykje god mat no. I dag har eg baka grovbrød, laga ein pizza/pasta saus, som eg kan bruke i morgon, og guacamole. Dette er ein av mine absolutte favorittar og "må ha"! Har brukt det mest til taco, men det er jo himmelsk godt på knekkebrød også :)


Guacamole a´la Margun
2 avocado
1 rødløk
2 tomat
1 sitron
salt
pepper


 Del avocadoane i to og fjern steinen. Ha kjøttet i ein bolle og mos det godt med stavmiksar. Det beste er å få det til ei heilt glatt masse. Fantastisk farge!!
 Kutt rødløken i småbitar og ha det oppi avocadoen
 Del tomatane, ta ut innmaten og skjer kjøttet i terningar. Innmaten kan du ete opp istaden for å kaste ;)
 Bland alt i avocoadomassa
 Ha i safta av ein heil sitron. Det hadde ikkje eg i dag så eg brukte av flaske. Viss ein ikkje har oppi sitron forsvinn grønfargen fort. Då blir alt brunt og lite delikat ;)
Smak til med salt og pepper
Bruk dippen til taco, nysteikt brød, som dipp til chips,
eller på knekkebrød som eg har gjort i dag.
Nyyyydelig :) 

lørdag 14. juli 2012

Kokkelering i ferien

Eg syns det er veldig kjekt å lage mat. I vertfall når ein har folk på besøk som kan ete den opp ;) Tanken medan eg kokkelerte var at eg skulle blogge om alt eg laga...men eg var diverre ikkje flink til å dokumentere heile prosessen... Det kan berre bli betre. Men god mat blei det!! 
Eg legg ut litt av dei bilda eg tok, og oppskrifter...og for min eigen del :)

Jordbær til Pavlovakaka eg glømte å ta bilde av ;) 

Browniesostekake

 1 pk Phiadelphiaost
ei god mengde melis
Sikt melisen i osten og rør dette godt saman
1 pk kremfløyte
litt sukker
Pisk sukkeret og fløyta til ein god krem, og vend det forsiktig inn i ostemassa.
1pk Brownies (Toro) lag som det står på pakken og avkjøl

 Smør ostekremen på Browniesbotnen, og sett kaldt. 
Pynt med sjololadesaus om "Stivner på isen"
Kaloribombe??? Jepp.



Potetsalat a´la Margun
(Her har eg og glømt å ta bilder i min kokkeiver....)

1 pose poteter, 2,5kg trur eg det var. Kok, avkjøl, skrell og del i små bitar
1 rødløk, finhakk
passeleg mykje purre, fin hakk
passeleg mykje sylteagurk, finhakk
1 eple, finhakk
litt soltørka tomat, finhakk
Min Victorinox kniv som eg fekk til bursdagen,
gode arbeidsredsakp er halve gleda med å lage mat :)
 Ta alt med unntak av potetene, og bland med 
1 beger lettrømme
1/2 pk majones
litt av safta sylteagurken
litt salt og peppar

 Vend dette til slutt inn i potetene
Mmmmmm.... :)
 Server saman med spekemat, foccatia, salat, eggerøre, moja(?) og guacamole

 Eit fint dekka bord er også koseleg :) 



MOT
Då eg kom att frå Mallorca var eg i Oslo nokon dagar. 
Då tok eg turen til Sandvika og Lykkehaven, der eg har delteke på Hjertefred dei to siste åra. 
Eit ubeskrivelig flott arrangemang. Eg skal dit i november igjen.

Også denne gangen reiste eg ut dit fast bestemmt på at eg skulle kjøpe kunst av 
fantastiske Bjørg Torhallsdottir.
Men nei, klarte ikkje bestemme meg denne gangen heller. 
Trur ALT som heng på veggane der treff meg. 
Og det har eg ikkje råd til, søren og!! Eller kanskje like greit, hehe :)
Men eg fekk prata lenge med dama som var i utstillingslokalet, 
og ho anbefalte meg å kjøpe boka MOT, der mange av kunstverka hennar er samla. 
Utrulig fin bok, har sett i ho kvar dag etter eg kom heim. 
Og ja. 
Eg SKAL kjøpe kunst av denne dama.
....eg må berre bestemme meg FØR eg reiser ut igjen.... ;) 

Eg kom og heim med ein del gode tankar etter å ha vore der... 
men har eg MOT til å tørre??
Og SATSE?? 
Og HOPPE??
 Tenke å fått DET til då!!!
 Hmm... :) 

"Snille jenter kommer til himmelen, De andre kommer så langt de vil"

 Pizza a´la Margun
Denne pizzaen er egentlig a´la Linda, men med ein liten vri så er den no a´la Margun :) 


 Finhakk:
2 paprika
2 løk
1 boks ananas (evt fersk)
2 raude chilli
5-6 fedd kvitløk

Surr dette i god olivenolje til det er mørt

Tillsett to boksar hakka tomat, evt med smakstilsetting. 
Eg brukte ein med basillikum/oregano, og ein naturell denne gangen.
La dette koke i ca 20 min, til mykje av veska er fordampa.
Smak til med salt og peppar
Medan det heile puttrar...kan ein sette litt pris på Jamie Oliver panna mi, kjempegod!!
Fjorårets julegåve ;) 

 Lag Toro pizza botn (pose)
(og ja, det er lov å gjere seg meir flid med anna botn) 
men raskt og enkelt i dette høvet, treng ikkje heve :o)

Smør pizzafyllet utover botnen
Ha på ønska mengde reven kvitost
Legg spekeskinke på toppen 
(evt serrano- eller parmaskinke for dei som får tak i det)
Steikast i ovnen på 250c i 20-25 min
Serverast med rømme og ruccolasalat
Vel bekomme...
Mmmmmm.....

Ein fin fin laurdag til alle lesarar <3

torsdag 12. juli 2012

Godt i gang med ferien!!

No er eg godt i gang med ferien, to veker er snart gått....det går så fort!! Har to veker til :)
Frå idag av har eg også valgt å ta ferie frå Facebook, for ein lengre eller kortare periode, det får tida vise. Det er både positive og negative sider med Facebook, eg har mange tankar om det, men akkurat no vil eg ha ferie frå det også. Det eg hadde lese der er jo at alle har ein fantastisk ferie....eller at det er dårlig veir, så...ja, treng eg lese det (og treng eg skrive det)? Eg vil heller vere bloggar for si stund :)


Så vil nokon ha tak i meg må de altså ta teknologien litt tilbake i tid og ringe meg, sende SMS evt MMS, eller ta det STORE steget å komme på besøk. Eller følge meg her ;) 


Eg har vore ei veke på Mallorca med min bror med familie og svigermor, godt og varmt, og herleg å få sol på kroppen. Men etter ei veke var eg fornøgd. Rett og slett. Det gjer meg heller ingenting at sola ikkje steikjer her heime (jaja, ikkje enda vertfall...)
Dei neste vekene skal eg feriere heime, og styre og stelle rundtom huset, nok å henge fingrane i, men i mål...kjem eg aldri. Enkelt og greit :) 


Litt bilder frå herlege Alcudia <3


"Små føter i sand"

"All inclusive"

Lollo og Bernie

"Kildesortering"

Espania!!

Glade spanjolar!!!

"Bestevennar på Mallorca"

"Full fart i vannsklia"



"Større føter i sand"

"Best hest in Mallorca" (...)

"Det regnar hjater i Mallorca"

Gamlebyen

Tenk å ha ein slik basillikumhage....





"Kveld på Alcudia"











...og det beste med å reise vekk....
....er å komme heim...
....til to- og firebeinte.. <3


Pelsstell TAKK!!!

Digg å slippe inn på golvvarmen igjen...

Awwww.....

Hey....det der er min plass!!!

Hands up!!!

For liten sofa??

Litt potemassasje ;)

Full i flått stakaren..... 
Klø meg litt her og litt der....

...og ein go´klem <3