tirsdag 30. juli 2013

Rørte jordbær

I dag fekk eg endelig tak i eit brett med jordbær, 
og då er det rørte bær som står høgast på lista :)
Den som laga den beste rørte sylta 
som eg har smakt er svigermor til Paul, 
så eg ringte ho og fekk trikset servert 
(vittig nok stod ho midt i jordbæra ho også)

Så her er hemeligheten på herligheten 

Først av alt, et deg uvel på jordbær ;) 

1 kg bær (hold av 200gr)
30 gr certo frysepulver
150 gr sukker




 Bland certo og sukkeret godt


Mos bæra og sukkerblandinga med stavmiksar


Også trikset; 
del opp dei siste 200gr med bær 
og rør det inni det moste


Ha i passe store beger og frys :)
Eg har nok brukt i overkant store beger til "berre meg" 


Eg har singelfrose ein god del også til bl a smootie :)


 DIGG IN!!
Nam nam... :) 

fredag 19. juli 2013

Målearbeid

Då er sommargjestene på veg.
På veg til Hånndalen for å slappe av?? ;)

Min plan er at dei skal måle og måle og måle....
(...rydde og få kasta lass på lass...)
Men det veit dei ikkje enda, hihi :)

At dei ikkje har med målekle??
Eg har rydda klesskapet!!
MASSE målekle!!


Om eg ikkje har like fint gjerde som nabon...
så kan eg jo ha like kvitt??

DESSUTAN, mitt gjerde må ein kunne sitte på.
Sånn har det alltid vore.
Staden for ein god prat :)


...og i det eg steig utav bilen...
...ja...jo...
eg treng meir måling!!
og ei fjøl :)


VELKOMEN HEIM PAUL!!!
HIHI!!
(det er ikkje lov å snu på Otta...)

torsdag 18. juli 2013

Korleis slå ihel ein regnveirsdag

 Du kan egentlig berre ta på deg regnkleda å gå ut. 
Det er det luraste du gjer :)
Men eg får sommargjester i morgon, 
så eg har eit hus eg må få på stell,
så eg kosar meg med det inne ;)

Ikkje ofte ein har heile lange dagar 
ein kan bruke inne med god samvittighet.

Når sola kjem (ja, no kjem den snart!!) 
MÅ ein jo vere ute :)

MEN, til dagens småprosjekt;
Henge opp ENDA ei bildehylle :)
Enkelt å skifte ut bilder utan at ein må 
skru i veggen på nytt kvar gong
(hylla blei forøvrig skeiv så blei to hol denne gongen... :S)

                     

Så kan ein jo berre ta å framkalle litt bilder som ein kan ha i ramma, 
sikkert fem år sidan det skjedde sist.
Så no manglar eg rammer.
(og bildehyller...)
Ja, og då kan ein jo prøve seg på å lage nokon kort også!
Alt på nett, rett i postkassa (der brukte eg pengar IGJEN...)
Enkelt og greit :)


Rydde kleskåpa / kommoden
Tellekant er jo fint så lenge det varer :)

Kor mange kvite singlettar treng ein egentlig...??
Har kasta ein full ikeapose med kle, applauder!!!


Henge opp alle skjerfa på rad og rekke, klar til bruk!! 


Du kan også lage ei lita snikreklame for
Fin korg frå tinekhome :)


Eller lage guacamole!!
Mitt prosjekt gjekk i vasken, 
avokadoane var svarte inni.
DETTE var planen


 To ribba og ein fyldig, 
kva skal eg bruke sitronmelissa til tru??


 Eller fotografere dyr...
"Eg og vil ha OleBrumm seng"...
(Ok, men berre nesten...)




BRING IT ON!!! Eg er klar!!! :)
Fjellet ventar!!

Brått ivrig bloggar att...
...om eg kjeda meg...??? 
Litt... :) 

onsdag 17. juli 2013

Effektiv innedag!!

Effektiv dag i regnet!!

Har fått rydda vekk mykje ting som berre stod og tok plass.
Så no kan det stå å ta plass på loftet!

Mange småprosjekt har stått på vent,
no har eg endelig fått dei på plass!!


VIREN
(ok, den kom opp for eit par dagar sidan...)
men eg kjøpte den for 1 1/2 år sidan...på Ikea. 
Genialt, og fint!
Bilder, små fine gåver eg har fått og andre viktige 
papir heng eg her!






 Denne har berre venta sidan mai på å bli montert...
Eg syns denne litt kul då...men kom ikkje 
heilt til sin rett på desse bilda. 
Kanskje seinare ein gong :)



Eit anna lurt tips, har du store gamle glas??
Eg bytta ut mine femkroners frå Ikea med nye, så...
...dei funka fint som verktøykasse for min del :)


Meter, handkrem og visittkortet til LIVSLYST i skjønn forening  :)




URTESMØR

Det var tilbod på urter på Plantasjen, 3 for 100kr...
Det kunne jo ikkje eg gå forbi...
Og desse har eg faktisk klart å holde liv i, 
og no dekkte peppermynteplanten heile kjøkkenvinduet.
Så i dag blei den til urtesmør

Eg brukte;
ein god del peppermynteblad
2 kinesiske kvitløk
litt salt 
1/2 kg smør

Hakk urtene og kvitløken i urtehakkar (min er tuppervare) 
og kna det godt saman med smøret.
Eg delte smøret i fire og pakka det i matpapir.
Frys det, og ta det fram når det skal brukast :)

...korleis dette smakar...?? Hakje peilig!!

Fin gåve er det jo!!




 ...og i iveren gløymer eg å ta meir bilder....


Tja, og mens ein likevel held på så kan ein 
jo slenge ihop ei brøddeig...

Desse skal eg gje vekk i kveld :)


Viss ikkje det blir sol snart blir vel huset nedvaska og....

For deg som trur du ikkje likar ertesuppe

Eg fekk servert ertesuppe for ei lita tid tilbake sidan...
(det likar eg jo ikkje) 
Tusen takk, sa eg :)
Det var jo kjempegodt!!!

Så eg delar oppskrifta:

1 fedd kvitløk (eg brukte ein heil kinesisk kvitløk)
1 gul løk
ein klatt smør
1 hønsebuljong
1 liter vatn (litt mykje kanskje)
1 pose selskapserter

Hakk kvitløk og løk, surr i litt smør. 
Tilsett vatnet og buljongen, og la det koke opp
Ha i ertene og la det koke nokon minutt til.
Mos alt med stavmiksar, og ferdig!!

Serverast med ein klatt lettrømme, litt sitronolje og krutongar
Like god varm som kald
Vel bekomme!!

På tide å få brukt dei forvokste urteplantane snart...??





tirsdag 16. juli 2013

FERIE OG VÆRET....

Ferietid og skitveir....
lei av å rydde loft, 
så kanskje få litt liv i bloggen att??
Sist innlegg i februar...
mon tru eg klarar å oppsummere desse månadane??
Eg har allerede gitt opp.


Eg lovde meg sjølv ein aktiv ferie - heime - 
Skulle "liksom" "spare" feriepengane og betale lån. 
Men det går fint an å bruke pengar her og.
Ære være Kvivstunellen! 
Og Skeidar.

Eg var godt i gang.
Så kom VÆRET! 
Så då blei det innearbeid.
Og shopping ;)

Kupa (Dauremårshornet og Holskarsætra)
I skrivande stund (fortsatt) 8 gått og 12 igjen!!
Det skal skje!






Hagtornen har måtta takka for seg, det er eg fornøgd med. 
Lei det treet som stod på ein halv åtte ute her.
No erstatta med utepeis. 
Godt nøgd!!



Resultatet etter dagens skattejakt på loftet!! 
(pluss pluss)




...og det eg OG oppdaga i dag, er at eg har såpass kontroll på mørkeloftet no....at eg kan begynne å ta opp mine eigne ting eg vil lagre / få vekk / gløyme / ikkje sjå igjen :) 
Kanskje det faktisk er mulig å få orden her!! 



Om få dagar kjem desse småtrolla på besøk, 
så då er det berre å stå klar med OleBrumm og Prinsesseseng. 
Eg spurde dei om dei ikkje var for store for det no...??
...då fekk eg "Er du teit eller??" blikket... 
Her er det berre å re opp!!



Jonas kan knapt vente :)



Neste innlegg i januar?? I mitt tempo ??
GOD NATT  :)