mandag 31. januar 2011

Orchard Street






...i dag har vi vore Ion senter, der vi var innom Louis Vuitton, Dior, Prada, Burberry, Diego, Chanel....om det ikkje blei noko handel så er det jo lov å kikke :) og ta bilder :D :D (det her var vel ikkje akkurat min plass...)
Etterpå reiste vi damene og tok manicure og pedicure, så no er vi ganske så fornøgde. Laura, Julie og Amalie fekk også, stor stas :)
Ganske mykje regn i dag og, men bra no på kvelden. Snart skal vi til på sightseeing rundane, hadde vore kjekt med opphold då. Då står Sentosa, Marina Bay, Nattsafari, Splashing Duck mm på planen :)

søndag 30. januar 2011

Tredje dagen i Sigapore


I dag sto vi opp til øs pøs regn....kva gjer ein då?? Tar taxi til eit shoppingsenter så klart!!! Kan ein ikkje vere ute, så må ein vere inne ;) Så i dag har dollarane flagra godt. Har kjøpt ein del gåver, til andre og meg sjølv :) Vi var på Vivo City, eit ganske så stort kjøpesenter, så vi rakk ikkje over alt. (Julie trur kanskje det er det største i Singapore) Eg har kjøpt meg silkeskjerf, Apple Ipod høgtalar (ser ut som eit grønt eple, veldig fornøgd med den :) skrubb både til kropp og ansikt, skinnlommebok, øyredobbar og smykker....ja åsso kaffi!!! :) Ja, det var vel nok?? Kosta vertfall nok ;) Ikkje så mykje spennande å fortelle egentlig, kanskje meir i måra :)
Skal hilse masse masse MASSE frå Julie og Laura

Håpar på betre veir i måra. No får eg servert kalde Corona, så då er det søndagskveld :)

lørdag 29. januar 2011

Chinatown!!! Eaten alive....mohahaha...




I dag har vi vore i Chinatown, masse å sjå!!! Første vi gjorde var å ta fish pedicure, det hadde eg jo skrytt på meg at eg skulle ta. ÅÅÅÅ herelighet så vi lo!!! Veldig ekkelt, men klarte å konsentrere meg om å slappe av, så då klarte eg å komme meg gjennom det Tross det var litt ekkelt ja :) ....Eaten alive mohahahaha!!!!
Masse små shapper overalt der, så det blei nok shopping i dag og. Kjolar, sandalar, toppar og bukser.... :) Ellers så er det begynnt å bli pynta overalt til kinesisk nyttår. Det er natt til 3 februar. Då går det over frå tigerens til kaninens år. Blir veldig kjekt å få med seg, det er den største feirnga her seier Oliver :)
Når vi kom att til condoen, reiste ungane Lars og eg på Hawker place, ein pass ein får billig mat, og ein kan velge alt etter kva ein vil ha.....var ikkje så heldig med valget mitt, kanskje betre neste gang??

fredag 28. januar 2011

Singapore!!!



Har ikkje blogga på nokon månedar.....og ja, brått er eg i Singapore!! Tenkte rett og slett at bloggen får fungere som ei dagbok :)

Er på besøk med ein nabofamlile som bor her for 1 1/2 år. Kom fram i går, då var klokka halv eitt på natt for meg, men her var kl halv åtte på morgonen. Så gjekk glipp av natta, tross flyvertinnene gjorde alt for å få oss til å forstå at det var natt på flyet. Men men, ein liten middagslur på 3-4 timar gjorde seg, og deretter ei natt på 12 timar søvn. Så no er vi i rute. Så første dagen gjekk med til å komme inn i døgnrytmen og så litt bading då :)

I dag forsov vi oss, så vi måtte skunde oss ut fordi maiden skulle komme å vaske. Her nede er det vanleg å ha maid, ei vaskekone som bor på vaskekottet. Dei eg er på besøk hos "lånar" ei ein gong i veka. Gud så takknemlig eg hadde vore om eg hadde hatt det... Ja, så medan ho vaska gjekk vi i bassenget, og så sprutregna det!! Det er regntid her nede, heftige byger ja!! Vi har visst ikkje noko å klage over på vestlandet. Jaja...... ;)
I ettermiddag var vi på eit shoppingsenter som ikkje er så langt unna her vi bor. Prisane er stor sett ganske like som heime, ikkje spesielt billig. Men nokon scoop kan ein jo gjere :) så dag blei det nye sandalar, veske og Armani solbriller. Eg og Stin var avgarde å handla sushi til heile gjengen. Vå på ei lokal matshapnne då, og herlighet....store akvarium med masse store fiskar...pluss pluss...eg gjekk no der å måpte, hehe, nete gang skal eg ta med kamera. tilbake til sushien....det blei ein god kvelds på oss, og vin på tressen etterpå. Men då strata sjølvsagt regnet att....

I måra er planen å reise til Chinatown, så då håpar eg det blir både maicure og pedicure og masasje.....fish pedicure??
No er det vel best å få seg noko timar med søvn, forsettelse følger!!! Margun :)