tirsdag 20. juli 2010

Førebur meg på Vinjerock!!

For eit halvt år sidan kjøpte eg meg bilett til Vinjerock. http://www.vinjerock.no/
Eg såg fram til sol og sommar og festival og høgfjell og...ja, det måtte jo bli fantastisk.
Men, det regna jo...og det er forsyne meg snart seinsommar og varmepumpa står på full guffe her...
Men, men, det skal ikkje stoppe meg. Eg har leita fram alt eg har av ullkle, vottar, huer, tjukkesokkar, regnkle....eg skal nok overleve :) egentlig håpar (og trur) eg det blir sol og at eg ikkje treng halvparten av det eg dreg med meg.
Eg har og invistert i dunsovepose (det må ein vel ha??) ned til -16c....
Sannheita er vel at eg tok den fordi eg fekk den så billig (og fordi den tok minst plass i sekken...)

Hmm, blei lite fokus på musikken her, men eg gledar meg veldig til å høyre Sivert Høyem, Gåte, Staut...Hjalmar høres og spennande ut... Stemninga blir nok topp :D :D

Øs pøs regn ute, ikkje noko særlig til ferieveir. Eg har like godt starta med å male ei furuhylle kvit. Første strøk er ferdig, men må nok til med eit eller to til.

Nok fjas for no...målarkosten ventar!!
Margun

mandag 19. juli 2010

Å fange rompetroll på sætra, det er sommar det!!

To av mine tantebarn på jakt...her etter ein frosk :) Spennande, utfordrande, morosamt, ekkelt, vått, skittent...LEVANDE!!! Herleg :)