Det blei ei lita veke til på kjøkkenet gitt. Men i natt blei det den siste natta på kjøkkenet!! Eg kunne ha flytta ut før, men greit å ha ei seng å sove i :)
Har vore på ein kjapp trøndelags-tur i helga, så no har eg fått handla
litt av alt eg hadde lyst på på Ikea :)
Ein fantastisk oppdagelse eg fekk ved å reise til Ikea i Trondheim var at eg har ei venninne frå tida på Toneheim Folkehøgskule som er nabo til Ikea!! Og då snakkar vi rett over vegen-nabo!!! Kjem eg til å benytte meg av det seinare????....hø-høø..... :D :D
Dagen i dag!! I dag hadde eg alliert meg med god nabo-hjelp. Trufaste Unni troppa opp kl ni i dag tidlig og fekk hjelpt meg å bære, montere, pusse støv av, veeeente..., bære meir...lette og tuuunge møblar, opp og ned trappa. Min snille onkel kom og hjalp til med den tyngste skjenken. :) Så no er den på plass i stova MI!! Det er MIIII stove no :) :)
Litt bilder frå turen og huset (men det er lenge til eg er i mål altså.......)
 |
Er vel best å vere på den trygge sida, men dette baud ikkje på noko problem ;)
ikkje anna enn at vi blei redde for å misste kolonna på Strynefjellet. Men det og gjekk bra! |
 |
| Finfin ettermiddag over fjellet |
 |
Vi var å åt frukost på "Å-stuggu", fristande lokale varer stod fint utstillt.
Så denne vinposen kom eg heim med. Skal nok finne ut av oppskrifta. Det er vertfall planen.... |
 |
| Ja, no er eg altså FERDIG på Ikea.... tok ikkje med kameraet inn.... |
 |
Sidan Unni monterte kjøkkenlampen min, så fekk ho montere denne og
...så slapp eg forstå meg på det ; ) her ser de litt av stova og nye ovnen min :) |
 |
| Pepsi´en fekk seg Gosig-mus frå Ikea... |
 |
| Kjøkkenet nærmar seg "normalen" att.... |
 |
| Har fått tak i korger i kvitehylla mi...må komme meir i orden før det blir andre bilder.... |
 |
| Litt av lysekruna eg skal ha over spisebordet |
 |
| Oppussingsobjekt på sikt.... Likar godt å blande gamalt og nytt |
 |
| Nye ovnen min |
 |
| Nok eit prosjekt eg driv å planlegg.... ;) |
 |
| STOLEN på plass. Ikea for dei som lurer.... |
 |
| Endelig plass til å henge opp klesvask igjen....maskina må nok gå jevnt no.... |
 |
| Kanskje eg får tid til slike prosjekt i gjen....?!?! |
Dette blei litt i full fart, betre bilder kjem :) :)
No er det begynnt å mørkne ute...og eg ser at eg må ha meir lampar..... hmmm.....
Nokon lysbrytarar som manglar og litt strøm i nokon kontakter....men det kjem vel etterkvart!!
No skal eg berre nyyyyyyte det :)
Ha ein finfin kveld!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar