søndag 12. februar 2012

Morsdag :)

I dag er det morsdag. Medan eg stod å måla andre strøket på pipa i sta, fann eg ut at eg skulle skrive litt om mamma på bloggen i dag. Eg er livredd for at ho skal bli gløymt, ho var jo eit så godt menneske. Så eg må skrive litt om mamma og pappa av og til <3

Eg skriv jo i innledninga i bloggen at eg skal skrive litt om korleis det er å overta huset etter mine foreldre. Så i dag er ein fin dag å skrive om ho på :) hadde ho vore her, så hadde det vore kake og kaffi i dag ;)

Først tenkte eg at eg må komme på ei god historie slik eg huskar ho. Eg vil nemlig ta med meg dei gode minna, dei gode historiene, dei artige episodane, og ikkje alt som var tungt og trist den siste tida, og at det skal vere så fryktelig trist i ettertida. Eg nektar å grave meg ned i det. Det var ikkje det ho ville. Derfor.
Eg vil heller minnast ho, og pappa, på merkedagar med å tenkje på det som var kjekt, godt, bra, morosamt, fint, flott, fantastisk...gjere fine ting, og minnast dei på min måte.
Ein gjer dagen til det ein vil sjølv ;)
Men....det å vere sterk, betyr ikkje at ein aldri har lov å vere svak ;) Husk det.

For dei som ikkje kjenner meg, eller veit kven eg er, så døde mamma frå oss etter åtte års kamp mot kreften. Ho sovna stille inn om morgonen den 4.juli 2008. To dagar før eg blei 30 år. Før ho døde avtala vi at eg skulle overta huset. Ein lovnad eg ikkje ville bryte.

Men tilbake til dei gode historiene. Mulig bror min blir sur på meg no. Men det var den første historia som slo meg. Den gangen mamma lo så ho gjekk i kne på stovegolvet her. Av min bror som snakka i søvne. Skal spare han for å gjengje det her. Hehe, men ein nyinnkjøpt bruktbil av merket TOYOTA CAROLLLLLA var sentralt tema. *flire*

Vidare (mens eg måla...) tenkte eg på kva ho ville sagt om ho var her no, og såg på at eg måla andre strøket på pipa....
*"koffør hakje vi gjort det der før...??"
*"VI skulle ikkje tatt å måla vinduskarmane og vel...??..åsso hadde det no vore kjekt å fått måla det der..."
*"åå so fint det blir*
*"ååå, du er ein knupp/roseknupp/engel!"
*"eg går å gleime verda litt eg, til du er ferdig..."
*"ka du ve ha til middag?"
*"no trenge du ein pause.."
*"trenge den eit strøk til?"

Mange måtar å feire morsdag på, men her i huset blei andre strøket på pipa er dedikert til mamma <3
DU SKULLE VORE HER OG SETT DU NO!!!! <3

Husstatus..... Det nærmar seg. Mandag blir det lagt rør i golvet og varmefordelingsplater. Tysdag tar dei fatt på parketten, etter det er det ein del listing og sikkert anna "plukkarbeid". Ein del målingsarbeid på meg.... Har att eitt strøk på pipa, taket på eine soverommet og taket i gangen. Eit skap som var irrgrønt skal og målast. Tvilar på at eg blir ferdig til tysdag.

Tysdag begynner vel ein ny epoke i livet mitt og. "Livredd for hakk i parketten-epoken" ;)

Eg gledar meg villt til å flytte ut av kjøkkenet. Har sove på kjøkkenet sidan 16.januar...

Litt bilder :)

Spaltegolvet er ferdig

Etter første strøket

Før (nesten...)
Etter andre strøket 
Litt irriterande at desse bilda ikkje vil stå i rett rekkefølge....men eg kan ikkje bruke meir tid på det... ;)
Enn om dei kunne bidratt med noko istaden for å ligge der å drage seg........
TIVOLI!! Uunværlig!!! 
I mangel på oppbevaringsplass målar eg skåpa med innhald...
Noko risikabelt... Dørene skal eg måle seinare

3 kommentarer:

  1. Kjekkt å følge med på bloggen din Margun!!! :) Mange gode minner fra dette huset... og gode minner fra den kjekke snilde mamman og pappan din! Syns det er fint det du skriv... :)
    Og kjekkt med bilder og oppdateringar. Eg kjem gjerne på innflyttelsesfest. Og om du skal ha underholdning, så syns eg vi skal gå for "Manikengoppvisning- med eller uten appelsiner"--- men da MÅ Oscar komme og sjå.... ;)
    Gode minner.

    Og du... Norvald og Kjellaug er der med deg, det er eg HEILT sikker på!

    SvarSlett
  2. DEi er i DITT paradis.... :)
    http://www.lena-lille.blogspot.com/2011/08/mitt-paradis.html

    SvarSlett
  3. Oioioi Lena.....det var tider det!!! Hehe, hadde nesten vore artig å re-produsere den happingen der!! Kjekt du les bloggen. Er innom din og og blir inspirert. Du er flink!! :)

    SvarSlett