Vakna alllllt fortidlig....trur klokka var 04.30...så passelig trøtt når eg kom heim. Her var det full byggeaktivitet...men lite hadde eg å bidra med. La meg likegodt på senga på kjøkkenet, og sovna. I TO timar. Med durandes kompressorar og spikarpistolar i bakgrunnen.
Ikkje noko gale med dette sovehjartet nei ;) zzzzzz.... Etter det bar det i Lødemel på trening : )
I dag er alle glasa i stova fora og lista, skyvedøra til verandaen står att. Det rommet som blir gjesterom/kontor/hobbyrom er ferdig kledd med plater. Står att å skifte vinduet. Reknar med det skjer rett over helga.
Soverommet mitt har fått stikkontakter...det og blir vel noko finare over helga : )
| Glasa i stova ferdig fora og lista. Koffør der står ein pinne midt i glasa får fagfolk svare på ; ) |
| Dette rommet blir gjesterom/kontor/hobbyrom. Platene dekkar litt av glaset her. Det er større ; ) |
| Hovudsoverommet. Her skal det inn verandadør til venstre og nytt vindutil høgre, og kortid verandaen utanfor blir bygd....ja, det lurer eg og på... |
| Ekje det fint oppi Håjen vel???? <3 |
![]() |
| Den kvite muren er ikkje kvit lenger... Skal målast i samme farge som platene, 0502Y : ) |
![]() |
| Her får eg også litt målearbeid. Foringa er ikkje i samme farge som viduskarmen er. |
Resten av mine ting må vekk ute i gangen...har ikkje klart å få vekk alt ENDA....
Er begynnt å gle meg til å flytte utav kjøkkenet....men ser at det kan ta eit par veker til enda....men det er det verdt : )
Ha ein fin fin fredagskveld <3


Vi kjem opp ein eller Anna gong i mårå...... Må berre sjå... :)
SvarSlett