
Hei hei, her er det lenge sidan eg har vore og skrive!! Har rett og slett tenkt å ta ein facebookpause om ikkje lenge, så då har eg lyst å ha bloggen min oppe å gå, så kan eg oppdatere oppussinga i huset mitt her ;) Berre på ei veke har det skjedd masse. Oppe i stova er eit vindu og verandadør skifta ut med ei dobbel skyvedør. Kjempefornøgd med den!!

I leiligheta i kjellaren er fem vindu skifta, frå enkle toppstyrte til doble sidehengsla. Det og blei kjempefint :) Yttereggen blei isolert, kan ikkje sei på nytt for der var ikkje mykje isolasjon gitt, panelet låg rett på muren...ikkje rart der har vore kaldt. Nytt elektrisk blei lagt inn og, alltid kjekt med masse stikkontakter :) Ytterveggen kledd med smartpanel i eggkvit. No gjenstår det å måle resten av panelet, litt mur rundt ovnen og gangen...det er vel eigentlig ein kjempejobb...håpar på å få samme fargen som smartpanelet.
Badet nede skal vi ta til på denne veka. Har handla kvite badromsplater og grå flis, blir nok fint det og :) Ein enkel dusjvegg skal på plass, oppdaga plutseleg at med to dører så er der ikkje plass å opne dørene...
Oppe funderar eg på kva som skal gjerast...skal ta stova og tre soverom. det eine soverommet skal inn i stova. Golvvarme har eg etterkvart landa på at eg skal legge inn, frå luft til vatn.....men her er det mykje eg ikkje har greie på.....men det får eg etterkvart. Det eg og funderar på er kor eg skal gjere av alt som er på desse romma....og kor skal eg bo? På kjøkkenet?? Spennande tider :) Bilder kjem etterkvart!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar