fredag 27. januar 2012

Fredagsstatus : )

I dag har eg gjort noko eg ALDRI trudde gjekk an. Men det gjorde det.
Vakna alllllt fortidlig....trur klokka var 04.30...så passelig trøtt når eg kom heim. Her var det full byggeaktivitet...men lite hadde eg å bidra med. La meg likegodt på senga på kjøkkenet, og sovna. I TO timar. Med durandes kompressorar og spikarpistolar i bakgrunnen.
Ikkje noko gale med dette sovehjartet nei ;) zzzzzz.... Etter det bar det i Lødemel på trening : )

I dag er alle glasa i stova fora og lista, skyvedøra til verandaen står att. Det rommet som blir gjesterom/kontor/hobbyrom er ferdig kledd med plater. Står att å skifte vinduet. Reknar med det skjer rett over helga.
Soverommet mitt har fått stikkontakter...det og blir vel noko finare over helga : )
Glasa i stova ferdig fora og lista. Koffør der står ein pinne midt i glasa får fagfolk svare på ; )

Dette rommet blir gjesterom/kontor/hobbyrom. Platene dekkar litt av glaset her. Det er større ; )
Hovudsoverommet. Her skal det inn verandadør til venstre og nytt vindutil høgre,
og kortid verandaen utanfor blir bygd....ja, det lurer eg og på...


Ekje det fint oppi Håjen vel???? <3

Den kvite muren er ikkje kvit lenger... Skal målast i samme farge som platene, 0502Y : )

Her får eg også litt målearbeid. Foringa er ikkje i samme farge som viduskarmen er. 
Litt arbeid forran meg i helga ja, tømme ein del av kjøkkenet så dei kan begynne på skyvedøra, rydde vekk rusk og rask på alle romma. Den delen av oppussinga klarar eg, så kan snikkarane bruke tid på å snekkre ; )
Resten av mine ting må vekk ute i gangen...har ikkje klart å få vekk alt ENDA....

Er begynnt å gle meg til å flytte utav kjøkkenet....men ser at det kan ta eit par veker til enda....men det er det verdt : )

Ha ein fin fin fredagskveld <3

1 kommentar:

  1. Vi kjem opp ein eller Anna gong i mårå...... Må berre sjå... :)

    SvarSlett