torsdag 26. januar 2012

Oppussinga bevegar seg snart innpå kjøkkenet...

Hmmm...det hadde eg ikkje tenkt på....sjølvsagt!!!
Skal ein sette inn ei skyvedør der det har vore ein stor open bue før, då må ein naturlegvis kle veggen på BEGGE sider. Jaja, då blir det å tømme kjøkkenskåp i helga, berre eit heldigvis....men det rommar nok :)
Ellers så går det fort framover her. Heile stova er kledd med plater, den er blitt så kvit og fiiiin :)
No skal dei fore og liste rundt glasa, liste rundt i taket....og eg håpar dørene kjem som avtalt iløpet av neste veke.
På soveromma er lektene komt opp, men ein del arbeid står att der. Isolering, skifte to glas og sette inn ei verandadør. På med plater og så liste....Litt elektrisk arbeid står vel att også.
ETTER DET...då kan dei ta til på golvvarmen også parkett og laminat :D
No er eg begynnt å få litt greie på det her!!! Er det ikkje det når ein byggjer det tredje huset sitt ein får det AKKURAT slik ein vil ha det ??

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar