onsdag 17. juli 2013

For deg som trur du ikkje likar ertesuppe

Eg fekk servert ertesuppe for ei lita tid tilbake sidan...
(det likar eg jo ikkje) 
Tusen takk, sa eg :)
Det var jo kjempegodt!!!

Så eg delar oppskrifta:

1 fedd kvitløk (eg brukte ein heil kinesisk kvitløk)
1 gul løk
ein klatt smør
1 hønsebuljong
1 liter vatn (litt mykje kanskje)
1 pose selskapserter

Hakk kvitløk og løk, surr i litt smør. 
Tilsett vatnet og buljongen, og la det koke opp
Ha i ertene og la det koke nokon minutt til.
Mos alt med stavmiksar, og ferdig!!

Serverast med ein klatt lettrømme, litt sitronolje og krutongar
Like god varm som kald
Vel bekomme!!

På tide å få brukt dei forvokste urteplantane snart...??





2 kommentarer:

  1. Det så jo godt ut, og veldig enkelt! Skal prøve på det!

    SvarSlett
  2. Lykke til!!
    Tenkt deg til Oslo i Oktober forresten??

    SvarSlett