onsdag 17. juli 2013

Effektiv innedag!!

Effektiv dag i regnet!!

Har fått rydda vekk mykje ting som berre stod og tok plass.
Så no kan det stå å ta plass på loftet!

Mange småprosjekt har stått på vent,
no har eg endelig fått dei på plass!!


VIREN
(ok, den kom opp for eit par dagar sidan...)
men eg kjøpte den for 1 1/2 år sidan...på Ikea. 
Genialt, og fint!
Bilder, små fine gåver eg har fått og andre viktige 
papir heng eg her!






 Denne har berre venta sidan mai på å bli montert...
Eg syns denne litt kul då...men kom ikkje 
heilt til sin rett på desse bilda. 
Kanskje seinare ein gong :)



Eit anna lurt tips, har du store gamle glas??
Eg bytta ut mine femkroners frå Ikea med nye, så...
...dei funka fint som verktøykasse for min del :)


Meter, handkrem og visittkortet til LIVSLYST i skjønn forening  :)




URTESMØR

Det var tilbod på urter på Plantasjen, 3 for 100kr...
Det kunne jo ikkje eg gå forbi...
Og desse har eg faktisk klart å holde liv i, 
og no dekkte peppermynteplanten heile kjøkkenvinduet.
Så i dag blei den til urtesmør

Eg brukte;
ein god del peppermynteblad
2 kinesiske kvitløk
litt salt 
1/2 kg smør

Hakk urtene og kvitløken i urtehakkar (min er tuppervare) 
og kna det godt saman med smøret.
Eg delte smøret i fire og pakka det i matpapir.
Frys det, og ta det fram når det skal brukast :)

...korleis dette smakar...?? Hakje peilig!!

Fin gåve er det jo!!




 ...og i iveren gløymer eg å ta meir bilder....


Tja, og mens ein likevel held på så kan ein 
jo slenge ihop ei brøddeig...

Desse skal eg gje vekk i kveld :)


Viss ikkje det blir sol snart blir vel huset nedvaska og....

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar