lørdag 4. august 2012

Kjellargangen

Sidan eg må legge nytt golv i kjellaren, grunna vannlekasjen, tok eg og fjerna ein liten vegg i samme slengen. Før var her eit lite vindfang med kleskåp på begge sider når ein kom inn inngangsdøra. Før ein så kom inn ein liten gang med fire dører. Ergo, mykje plass som ikkje blei godt utnytta. SÅ, veggen vekk, og ein god og stor gang :) Fargane som dukka opp er jo berre heilt eventryrlege og treng eit lite blogginnlegg. Det er vel feilblanda maling frå gamel handelslaget tippar eg, hoho :)

Det eine medfører det andre. No må etterisolering og ny ytterdør på plass. Elektrikar må inn og lage nokon nye gode løysingar. Åsso må eg fram med målarkosten.
Blir kvit ytterdør med mindre vindu enn det som er der i dag, sidan ein kan sjå rett på baderomsdøra når ein kjem inn ytterdøra.

Eg tenkjer GRÅ gang...ikkje for mørk....kva trur de??? 




2 kommentarer:

  1. Det blir kvite veggplater :) og muuuuligens varmekablar og flisgolv her...eg reknar på det....

    SvarSlett