lørdag 11. august 2012

Hagebord og utebord

Etter å ha sett mange fine kreative bord på diverse bloggar, fekk eg sjølvsagt lyst på mitt eige...kreative... :)
Dagmar gjorde sitt arbeid her også i jula, taket på huset mitt fekk skade, og taket på "kaninhuset" tok seg ein flygetur. Onkel sin (veldig) gamle garasje blei også forblåst, så der har eg henta materiale til mitt hagebord :) Gamalt slitt, ferdig herda veirmessig. Til og med ferdigblåst!! Genialt :)

Eg brukte sju lange plank frå den nedblåste garasjen, seks kapprestar på ca 80cm etter spaltegolvet i stova, og ein god neve med skruar!!
Litt ustøtt er det, må nok stabilisere litt meir.

Bilder :)

Frå skattejakta.... :)

Fant meg nokon små fine skattar eg tok med meg :) 

Då er arbeidet i gang...etter å ha hatt desse fjølene ståande oppetter huset nokon veker.

Betre hjelp må ein leite lenge etter!!!

Her er vi i gang med eine sidestykket

Ferdig!! Fann ein blå benk i kaninhuset og hadde ein umåla på verandaen.
Det får bli neste års prosjekt å måle dei.
 No skal alle finveirsdagane nytast I dei :)







Fisken snart på grillen!! Velbekomme!!

2 kommentarer:

  1. For en idyll!!
    Og så utrulig kult bord!! :)
    Du er flink Margun! :)

    SvarSlett
  2. Takk takk Lena :)
    Ideen til dette bordet fant eg på denne bloggen :)
    http://www.mrs-hardy.com/2010/11/snekre-et-spisebord.html

    Du får komme oppom og sitte ved bordet når du er heime :)

    Klems :)

    SvarSlett