tirsdag 8. januar 2013

DIY, Do it yourself...sjølvsagt..

Medan eg har pussa opp har eg følgt ein del interiørbloggar, 
der eg har fått både inspirasjon og idear. 
Mange av dei ligg til høgre ned på sida her :) 
Det er ganske mange bloggarar som driv med DIY...
Eg har ikkje somla meg til å finne ut kva dette er, men det høres både morsomt og spennande ut.

OK, eg har Googla det. 
I går. 
So spennande. 
DIY 
(det nærmaste eg kjem rosablogger)
Akkurat.
 "DO IT YOURSELF"
(i tilfelle DU var usikker....luring Margun.....)

 Sjølvsagt, det burde eg jo forstått.

Eg har jobba med DIY heile tida...

Eg går for
GDS
"GJER DET SJØL"!!
(HO HO HO)

Ellers, ferdig med kjellaren, 
OG leigd ut!!
 Rakk ikkje å ta bilder heller
men fint blei det :)

Skal blogge om no då???? 
(har nok å gjere ingen grunn til bekymring...)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar