tirsdag 11. september 2012

Travle (kjekke) tider :)

Lite med blogging på meg om dagen. 
Mykje farting, har vore til Askvoll på besøk,
 og to dagar i Førde på kursSlett ikkje verst...då fekk eg med meg Plantasjen og nye potteskjularar er på plass, godt fornøgd. 
Og sjølvsagt, havrekjeks frå BREIM. 
ALLTID!! :)

Mange balar i lufta no, så mykje skjer om eg er dårlig på bloggefronten ;)
- straks pakkar eg kofferten for studietur til Stockholm, det blir spennande
-jammen skal eg ikkje vere filmstjerne for ein dag også (hoho, no kan de lure...)
-arbeidet med yttergangen i kjellaren er godt i gang
-ny badromsinnredning på badet oppe kjem på plass medan eg er i utlandet, 
- OG trykkreduksjonsventil!!! Ingen fleire lekkasjar her i huset. BASTA!!
-planar om å bygge hylle på badet...det trur eg blir veldig bra, følg med følg med... :)
-lage gjesterom av "det rommet som skal inni badet på sikt"....håpar eg klarar det til jul.....
-"Skappelgensaren" er fortsatt under produksjon
-så skal eg sjølvsagt lage alle julegåvene sjølv....hoho...(det skulle eg i fjor og...)

Arbeidsledig...?? ikkje eg nei :) 
Ellers regna det både sidelengs og oppaette og nedaette.... 
Finfint inneveir, og fantastisk jobbveir!!
Eg tulla ikkje, 
kva er vel kjekkare enn å hoppe i søyler??

Leita fram litt bilder frå i sommar. 
Fann mi gamle klovnedrakt på loftet. 
Desse to fekk meg kanskje til å rive meg i håret i sommarferien....
...men no kan dei godt komme att og kosemose ho tante..... 
SMASK!!





Brio-togsett som vi fann på loftet :)

Bursdagsguten er blitt 4!!!!
Ha ein fin kveld :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar