søndag 15. juli 2012

Guacamole

Eg brukar ferien heime til å lage mykje god mat no. I dag har eg baka grovbrød, laga ein pizza/pasta saus, som eg kan bruke i morgon, og guacamole. Dette er ein av mine absolutte favorittar og "må ha"! Har brukt det mest til taco, men det er jo himmelsk godt på knekkebrød også :)


Guacamole a´la Margun
2 avocado
1 rødløk
2 tomat
1 sitron
salt
pepper


 Del avocadoane i to og fjern steinen. Ha kjøttet i ein bolle og mos det godt med stavmiksar. Det beste er å få det til ei heilt glatt masse. Fantastisk farge!!
 Kutt rødløken i småbitar og ha det oppi avocadoen
 Del tomatane, ta ut innmaten og skjer kjøttet i terningar. Innmaten kan du ete opp istaden for å kaste ;)
 Bland alt i avocoadomassa
 Ha i safta av ein heil sitron. Det hadde ikkje eg i dag så eg brukte av flaske. Viss ein ikkje har oppi sitron forsvinn grønfargen fort. Då blir alt brunt og lite delikat ;)
Smak til med salt og pepper
Bruk dippen til taco, nysteikt brød, som dipp til chips,
eller på knekkebrød som eg har gjort i dag.
Nyyyydelig :) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar