onsdag 20. oktober 2010

I dag kom kong vinter...

Lenge sidan eg har blogga no, har i grunn hatt tida til det, men det spørs kor motivasjonen ligg henne... Eg har omsider innsett det, eg må ta EIN TING I GANGEN, men eg veit ikkje heilt om eg klarar det i praksis enda :S Har haudet fullt i idear, og set alt halvt ut i livet...ja...då blir det meste halvgjort då ;)
Men i dag har eg laga denne fine lyslykta, fin sant? Og så enkelt!! Vi har laga mange slike i barnehagen, blei inspirert der, flinke og kreative Paola :)
Så no kan lange mørke vinterkveldar kome, så skal alle mine halvgjorte kreative idear gjerast noko med. Julegåver skal eg lage, sy skal eg gjere, måle gangen og få ferdig biblioteket mitt...og det kreative rommet då...der eg skal bli enda meir kreativ...kremt. Berre vent, det blir fint :D
Åsso bake...og lage julebord...åsso....ja. ;) førjulstida har eg rett og slett bestemt meg for skal bli bra :)
Eg har fått meg to kattar sidan sist :)Eg var veldig i tvil, men no angarar eg ikkje... Først ein...og så enda ein.... Syns no synd på den katten som måtte vere heime heile dagen medan eg er på jobb. Puseline og Pepsi Singapore ( eg fekk den den dagen Stin og dei reiste til Singapore ;)
Dei var ikkje så begeistra for kvarandre istarten, men no er dei bestisar ser de :)
Skal prøve å blogge oftare og ta bilde frå "oppussinga" mi
Chao :D

2 kommentarer:

  1. Du skriver så bra Margun! Høyrdest ut som det blir ei bra førjulstid..Vi får ta det igjen ei seinare.. Her blir det ikkje store julefeiringa. Blir det ikkje som du tenker kan du jo berre stikke av å kome ned her i Jula.
    Stileg navn på pusane..
    klem.

    SvarSlett
  2. Ja, eg er fonøgd med navnet på den siste ;) blir nok jul i kalde noreg på meg ja. Men kor klarar eg ikkje heilt å bestemme meg for. Jul blir det uansett ;) Tenkte å stikke av til singapore i februar ein gong eg...kva planar har de då......?? og e det nokon andre som har tenkt å besøke dåkke då? Hadde vore godt å stikke av frå all snø og kulde ein periode ja. Ikkje heilt fornøgd med at varmepumpa her berre holdt 16 grader inne når eg kom heim i dag... :S er vel den tempen du prøvar å kjøle ned til ;) Skal prøve å vere flink å blogge framover, håpar de har det knas :) klem klem

    SvarSlett