mandag 2. august 2010

Framgang i huset :D

Ferien går fort, men eg har fått gjort litt av alt eg hadde tenkt å få gjort, litt ein ikkje hadde tenkt å få gjort, og gjort ting ein ikkje hadde tenkt ein skulle gjere, og tenkt ut meir ein skulle ha gjort eller må få gjort...?!? Hmm, hehe :)


Tenkte denne bloggen skulle blir litt "husblogg" skrive om alt eg gjere, tenkje eg kan gjere, eller berre kan draume om å gjere...
MEN, no har eg fått på plass Bergsbo skåp frå Ikea på kjøkkenet, det blei ganske fint :) Ikkje sant?
Har lyst å lage ein benk i hjørnet med masse puter, men eg e og veldig glad i den grøne ørelappstolen...eg må bli enig med meg sjølv....det kan ta si tid ;)

Ellers så har eg fått rydda ut av kjøkkeninngangen slik at eg kan begynne å lage til vaskerommet der (når eg har råd...) og rydda ut av gangen nede i kjellaren, der skal det bli bibliotek. Veggen er vaska, så no blir det å gå over med kvistlakk, grunning og nokon strøk med måling.
Det blir fint :)
Margun

1 kommentar:

  1. Kjempe fint du har fått det, Margun.
    Visste ikkje at du hadde overtatt huset før for ei lita stund sia. Veldig trist å høyre om faren din. Håpe du har det bra trass i alt som har skjedd. Du e tøff!

    SvarSlett