
Har ikkje blogga på nokon månedar.....og ja, brått er eg i Singapore!! Tenkte rett og slett at bloggen får fungere som ei dagbok :)
Er på besøk med ein nabofamlile som bor her for 1 1/2 år. Kom fram i går, då var klokka halv eitt på natt for meg, men her var kl halv åtte på morgonen. Så gjekk glipp av natta, tross flyvertinnene gjorde alt for å få oss til å forstå at det var natt på flyet. Men men, ein liten middagslur på 3-4 timar gjorde seg, og deretter ei natt på 12 timar søvn. Så no er vi i rute. Så første dagen gjekk med til å komme inn i døgnrytmen og så litt bading då :)
I dag forsov vi oss, så vi måtte skunde oss ut fordi maiden skulle komme å vaske. Her nede er det vanleg å ha maid, ei vaskekone som bor på vaskekottet. Dei eg er på besøk hos "lånar" ei ein gong i veka. Gud så takknemlig eg hadde vore om eg hadde hatt det... Ja, så medan ho vaska gjekk vi i bassenget, og så sprutregna det!! Det er regntid her nede, heftige byger ja!! Vi har visst ikkje noko å klage over på vestlandet. Jaja...... ;)
I ettermiddag var vi på eit shoppingsenter som ikkje er så langt unna her vi bor. Prisane er stor sett ganske like som heime, ikkje spesielt billig. Men nokon scoop kan ein jo gjere :) så dag blei det nye sandalar, veske og Armani solbriller. Eg og Stin var avgarde å handla sushi til heile gjengen. Vå på ei lokal matshapnne då, og herlighet....store akvarium med masse store fiskar...pluss pluss...eg gjekk no der å måpte, hehe, nete gang skal eg ta med kamera. tilbake til sushien....det blei ein god kvelds på oss, og vin på tressen etterpå. Men då strata sjølvsagt regnet att....
I måra er planen å reise til Chinatown, så då håpar eg det blir både maicure og pedicure og masasje.....fish pedicure??
No er det vel best å få seg noko timar med søvn, forsettelse følger!!! Margun :)